Anders Drage foto Marius Robach 11
GISKE: Designar Anders Drage vaks opp på Stadlandet og var torsdag invitert til IDC-konferansen for å snakke om arbeidet med klokkeselskapet Micromilspec. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ga råd for å overleve i kreative bransjar

Utradisjonelle val førte til at designaren frå Nordvestlandet laga klokke til Erling Braut Haaland.

Marius Rosbach
26.10.2023

Under torsdagens industridesignkonferanse IDC på Giske stod det som truleg er Norges mest kjente klokkedesignar, Anders Drage, på scena.

Han kjem eigentleg frå Leikanger på Stadlandet, men flytta til Ålesund som 16-åring. Der gjorde han sine første spede arbeider mellom anna med å lage plakatar for lokale arrangement.

– Det er veldig kjekt å bli invitert hit til heimtraktene, seier Drage til NETT NO under konferansen som samlar industridesignmiljøet også utanfrå regionen.

IDC 2023 salen foto Marius Rosbach 11
FULL SAL: Industridesignkonferansen hadde full hus med kring 400 deltakarar ved Øygardshallen på Giske. Foto: Marius Rosbach

Skreddarsaum framfor standardisering
Drage fortalde korleis dei tenkte då dei starta klokkeselskapet Micromilspec i 2019.

Medan dei store produsentane helst gjer alt for å standardisere klokkene sine, gjekk dei den andre vegen med skreddarsaum og spesiallaga klokker for utvalde kundar.

Det første oppdraget var ein spesiallaga klokke for 333-skvadronen. I ettertid har det vorte ei rekke oppdrag med å lage eigenarta klokker mellom anna for Hans Majestets Kongens Garde og røykdykkarane i Oslo sin brann- og redningsetat.

Klokkene er av det eksklusive slaget, og prisane ligg frå 13-14.000 kroner og oppover til fleire hundre tusen kroner.

IDC Anders Drage på scena foto marius 11
HAALAND-MØTE: Designaren frå Nordvestlandet fortalde om møtet med Erling Braut Haaland. Oppdraget med å lage ei klokke for fotballstjerna har gitt det lille klokkeselskapet stor merksemd. Foto: Marius Rosbach

Har selt klokker for kring 40 millionar
Sjølv om klokkene deira for augneblinken ikkje er tilgjengeleg for ordinært sal, har dei omsett for kring 40 millionar kroner.

Førebels er det meste av inntektene gått til å utvikle selskapet – men dei reknar med overskott framover.

Drage fortel at dei mellom anna jobbar med å kunne tilby klokker for «kven som helst», ikkje minst for å skape nye inntektsstraumar.

Seks råd for å overleve i kreative bransjar

  • Smak er alltid nokre steg framfor eigen evne:

Ein som alltid forsøker å bli betre, vil samtidig oppleve at ein heng etter sine eigne mål, seier Drage. Han samanliknar det med ei surfebølgje som alltid ligg litt framom deg.

  • Møt opp – kvar dag:

– Det handlar om å bli litt betre kvar dag, seier Drage og påpeikar at det ikkje berre gjeld jobb, men også gjeld i forhold eller trening.

  • Idear handlar om lagspel:

Drage trekk analogien til fotball, der ein alltid må jobbe med å få ballen – eller ideen – framover. På eit lag fritt for egoisme – så spelar det ingen rolle kven som sett ballen i mål, understrekar han.

  • Sel skinnet før bjørnen er skoten:

Designaren fortel at dei tente fleire millionar kroner før dei overhovudet hadde laga ei ferdig klokke.

  • Unik prosess er lik unik resultat:

Å velje utradisjonelle vegar, gir annleis resultat, meiner Drage – og viser til korleis dei fann rett tilsette ved å rekruttere utanfor dei vanlege kanalane.

  • Omfamn usikkerheit:

– Eg har hatt suksess, men likevel er det ein ibuande usikkerheit som heile tida ligg der. Å vere komfortabel med å vere i det usikre – gjer deg klar for det som kjem, seier Drage.

Publisert: 26.10.2023 12:30

Sist oppdatert: 26.10.2023 17:12

Mer om