Cruise reiseliv olden foto marius
SLEPP Å BETALE: Cruiseturistar slepp å betale besøksbidrag med forslaget frå regjeringa. Det ber fylkespolitikarane i Møre og Romsdal at det snarast blir gjort noko med. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ga tommel opp til turistskatt

Fylkespolitikarane ber samtidig regjeringa om snarast å innføre ei slik ordning for cruiseturismen.

Marius Rosbach
10.12.2024

Eit fleirtal i fylkesutvalet i Møre og Romsdal ga måndag tommelen opp til å innføre ei besøksbidrag for overnatting. 

Saka var den einaste politikarane på sakskartet under møtet som blei gjennomført i kombinasjon med fylkestinget som også går føre seg måndag og tysdag. 

I vedtaket seier politikarane seg positive til å det blir innført eit besøksbidra på alle formar for overnatting, slik regjeringa nyleg har foreslått

Saka er no ute på høyring med frist til å uttale seg den 3. januar. 

Vil ha tiltak for cruiseturismen
Fylkesutvalet påpeiker i sitt vedtak at det snarast mogleg blir opna for innføring av eit slikt besøksbidrag også frå cruisegjestar og andre dagsbesøkande.

Politikarane la inn ein føresetnad om at kommunane sjølve får mynde til å innføre ordninga, gjere lokale tilpassingar og forvalte midlane som kjem inn. 

Dei bad også om at ikkje-kommersielle dugnadsbaserte overnattingstilbod, som DNT-hytter, blir unnateke frå skatten.

Har fått kritikk frå reiselivsbransjen
Forslaget frå regjeringa vil ikkje inkludere cruisetrafikken, som har hausta kritikk frå reiselivsbransjen. 

NHO Reiseliv meiner ekstraskatten i første omgang då vil råke dei som allereie betalar mest – og hotellgjestar som allereie betalar mest og belastar lokalmiljøa minst av ulike type besøkande. 

Næringsministeren har svara at dei vil utgreie besøksbidrag frå cruiseverksemda i fase to – med mål om å innføre dette. 

Inntektene skal gå til kommunen og må brukast til «reiselivsrelaterte fellesgoder», som det heiter i høyringsnotatet.

Publisert: 10.12.2024 14:31

Sist oppdatert: 10.12.2024 14:32

Mer om