Cruise reiseliv olden foto marius
CRUISETURISTANE SLEPP: Medan cruiseturistar i denne omgang slepp å betale besøksbidrag ifølgje forslaget regjeringa la på bordet denne veka, må alle overnattingsgjestar betale. Mange meiner regjeringa startar i feil ende. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Regjeringa i bakvendtland om turistskatt

Ein 50-lapp frå kvar cruisepassasjer til Ålesund kan åleine gi høgare inntekter, enn eit samla besøksbidrag frå alle hotella i fylket.

Marius Rosbach
24.11.2024

ANALYSE: 

Det er gode grunnar til å stusse over regjeringa sitt arbeid med ein form for turistskatt - eller besøksbidrag - som dei enda opp med å kalle det. 

I denne analysen skal du få minst ein til. 

Forslaget om å innføre ei form for brukarbetaling, besøksbidrag eller turistskatt – som det er blitt heitande i daglegtale – har vore diskutert i fleire år. 

Dei fleste er samde om at intensjonane er gode ved at inntektene skal gå til kommunen, og må brukast til «reiselivsrelaterte fellesgoder», som det heiter i høyringsnotatet.

Mange i reiselivsbransjen har derimot peika på at næringsminister Cecilie Myrseth startar i feil ende, når ho vil skattlegge overnatting på hotell, campingplassar og hyttegrender

Besøksbidraget skal vel å merke gjelde all overnatting, også utleige via Airbnb. Det er eit grep som vil falle i god jord mellom anna i bebuarmiljø i Tromsø, som opplever at nabolaget deira er blitt forvandla til hotell.

Det skal vere opp til kvar enkelt kommune om dei vil innføre ordninga. Departementet peiker også på at det er mogleg å nytte inntekter frå parkering. 

Slik kan ein til eksempel ta betaling ved bubilparkeringar, og ha soner med ulik betaling for bebuarar og tilreisande.

Cruiseturismen derimot slepp unna. Iallfall i denne omgang. 

I staden skriv departementet at dei vil utgreie besøksbidrag frå cruiseverksemda i fase to – med mål om å innføre dette. 

At regjeringa vel denne rekkefølga, er merkeleg av fleire grunnar. 

Den openberre er at dei ved å skattlegge hotellgjestane, vel å ramme den gruppa med turistar som allereie legg igjen mest pengar i løpet av besøket. Det er også den gruppa som blir sett på som minst belastande for lokalmiljøa. 

Det er ikkje hotellnæringa sine gjestar som skapar trafikkaos i Ålesunds gater. 

Og det er heller ikkje hotellgjestar som går på toalettbesøk i hagen til bebuarar i vestlandsbygder som blir overfløyma med turistar.

Cruiseturistar er samtidig den gruppa som legg att minst pengar for lokale næringsdrivane per person, mellom fordi dei ikkje betalar for overnatting.   

Ei anna grunn til å stille spørsmål ved kvifor regjeringa vel å gjere ting i denne rekkefølgja, er at den igjen legg seg ut med næringslivet i ei sak om skatteauke. 

Tilbakemeldinga frå bransjen har vore klar lenge. 

Allereie i 2020 sa NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold at dei var for å teste ulike formar for brukarfinansering, men sa klart nei til ein form for turistskatt som til eksempel blei knytt til overnatting.

– Vi er livredde for endå ein moms på overnattingsbedriftene, som skaper arbeidsplassar i distriktet, sa Devold den gong. 

Reiselivsnæringa er ein bransje som har knappe marginar. Mange er óg familieeigde bedrifter utan ein stor pengesekk til å handtere alt frå dobla eigarskattar, auka straumutgifter og høgare rente på låna sine - som dei har fått sidan Støre-regjeringa kom til makta. 

Forslaget som kom denne veka innehaldt nettopp det store delar av bransjen hadde åtvara mot. Då var tonen hakket kvassare frå NHO Reiseliv-direktøren. 

– Vi er sjokkert over det høye nivået regjeringen legger opp til her. Regjeringen sender en ny skattebombe til både gjester og næringen, sa Krohn Devold i ei pressemelding.

Endå meir merkeleg blir regjeringa sitt val når ein gjer eit reknestykke over inntektene frå den nye skatten. 

Om alle kommunane i Møre og Romsdal fylke innfører regjeringa sitt forslag til besøksbidrag, vil det gi 28,4 millionar i inntekt frå hotellgjestane i fylket, ifølgje SSB-tala som blir nytta i høyringsnotatet

Til samanlikning ville ein 50-lapp frå kvar av dei 650.000 cruisepassasjerane som kom til Ålesund i 2023, gitt 32,5 millionar i sokalla avgiftsproveny. 

Om ein aukar til 100 kroner per passasjer blir inntektene på 65 millionar kroner. 

Eit slikt beløp vil vere samanliknbart med det ein hotellgjest i Ålesund som betalar kring 3500 kroner natta må ut med - om ein vel å innføre regjeringa sitt besøksbidrag på tre prosent. 

Ved at berre Ålesund kommune hadde innført besøksbidrag på sine cruiseturistar på nivå med regjeringa sitt forslag, ville dei med andre ord fått inn meir enn dobbelt så mykje pengar - som om alle kommunane i Møre og Romsdal skattlegg sine overnattingsverksemder i tråd med det næringsministeren har lagt på bordet

Hotelldirektør Aina Aalen Bjerkvik ved Quality Hotel Waterfront i Ålesund er mellom dei som meiner at regjeringa startar i feil ende. 

– Feil medisin, sa ho i eit intervju med Nett No.

Ho meiner besøksbidrag først burde blitt testa ut på destinasjonar med mest masseturisme – slik regjeringa først planla å gjere. 

Waterfront-direktøren peiker også på det openberre paradokset at regjeringa på den eine sida har valt ut reiselivsbransjen som eksportnæring, og samtidig pålegg dei ein ny skatt. 

Men det er slik det kan bli i bakvendtland. 

Podium

E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

Publisert: 24.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 23.11.2024 23:21

Mer om