Grov er største eigar og administrerande direktør i Hotel Alexandra-konsernet i Loen.
Med 120 millionar kroner i overnattingsinntekter betyr den nye turistskatten regjeringa vil innføre ein skattekostnad på seks millionar kroner for konsernet.
Reknestykket er basert på ein ekstraskatt på fem prosent, som er taket i regjeringa sitt framlegg. Med tre prosent, som er den lågaste skatten regjeringa brukar som eksempel blir ekstraskatten 3,6 millionar kroner.
Freistande skatteobjekt
Det er kvar kommune som skal få avgjere om den vi innføre turistskatten, som skal leggast på hotell., campingplass- og Airbnb-overnattingar. Cruiseturistane kan eventuelt få ein slik skatt seinare.
Grov er redd økonomisk pressa kommunar ikkje klarer å mottstå freistinga til å hente inntekter frå overnattingsbransjen, i med at det er svakt definert korleis inntektene skal øyremerkast til reiselivsformål og tilrettelegging.
Det er i den samanhengen han seier framlegget frå regjeringa er som å sleppe fanden laus.
Skattekåt regjering
Regjeringa kallar turistskatten besøksbidrag. Grov kallar den ein hotellskatt, og meiner den kjem på toppen av fleire skatteaukingar frå Ap/Sp-regjeringa.
– Vi har ei skattekåt regjering, seier han.
Grov meiner og at næringministeren bagatelliserer skadeverknaden av turistskatten.
60 prosent av inntektene frå overnattingar tiil Hotel Alexandra-konsernet kjem gjennom langsiktige kontraktar, med harde prisforhandlingar. Der er fem prosent opp eller ned ingen bagatell, ifølgje Grov.
Publisert: 25.11.2024 15:12
Sist oppdatert: 25.11.2024 15:12