Ode illustrasjonsbilet foto Ode
NYTT NAMN: Klokka 12:00 i dag skifta Gadus Group namn til Ode. Når arbeidskleda blir utslitne blir dei bytta ut med nye, med Ode-logo på. Foto: Ode
Nytt

Gadus blir Ode

Skal ha eigen merkevare i butikkane.

16.02.2023

Torskeoppdrettselskapet Gadus Group skiftar namn til Ode.

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Namneskiftet heng mellom anna saman med at Gadus er eit latinsk namn på torsk, som ikkje kan merkevarebeskyttast.

Det kan Ode og eitt av måla til selskapet er å lansere torsk under eige merke, ifølgje Falk D. Øveraas, ansvarleg for samfunns- og myndigheitskontakt i selskapet.

Produktutvikling
Ambisjonene våre er å utvikle, designe og markedsføre en rekke ulike torskeprodukter» seier adminsterande direktør Ola Kvalheim i pressemelding. «Denne markedstilnærmingen er ganske unik i bransjen da bearbeiding av fisk ofte har vært et nedprioritert område blant norske sjømatprodusenter som har vært mer motivert av å selge fisken som en ren råvare.»

Ode (Gadus Group) slaktar torsken sitt hos Hofseth sitt anlegg i Ålesund, og det er samtaler om at Hofseth også blir produksjonspartnaren framover, ifølgje Øveraas.

Fleire tilsette
Oppdrettsselskapet med hovudkontor i Ålesund har vekse raskt i tilsette dei siste åra.

Selskapet har passert 90 medarbeidarar, og truleg vil passere 100 når dei har sluttført rekrutteringa det no er i gang med.

Ode har søkt om å drive oppdrett av torsk fleire enn 20 plassar langs kysten, frå Bodø i nord til Florø i sør. Sande-lokaliteten Dysjaneset er neste søknad på Sunnmøre som er venta å bli ferdigbehandla frå fylkeskommunen.

Publisert: 16.02.2023 12:37

Sist oppdatert: 16.02.2023 13:17

Mer om