Gadus Falk Øveraas Alida voldsfjorden foto Gadus Group 11
STOR PÅGANG: Torskeoppdrettarane i Gadus Group har stor pågang med søknader når dei rekrutterer. Samfunnskontakt Falk Daniel Øveraas fortel at dei har passert 90 tilsette. Foto: Gadus Group
Nytt

– Har fått inn fleire hundre søknader

Oppdrettselskap med massiv respons på rekruttering til internship og nytt anlegg. Nærmar seg 100 tilsette.

Marius Rosbach
15.02.2023

Gadus Group er i desse dagar i gong med å rekruttere folk til sitt nye anlegg for torskeoppdrett i Aure kommune. Samtidig er dei på jakt etter folk som vil ha internship for å få erfaring frå bransjen.

Oppdrettsselskapet med hovudkontor i Ålesund har vekse raskt i tilsette dei siste åra. Samfunnskontakt Falk Daniel Øveraas fortel at selskapet har passert 90 medarbeidarar, og truleg vil passere 100 når dei har sluttført rekrutteringa dei no er i gong med.

– Det har gått ganske kjapt, kommenterer han.

– Enormt mange søkjarar
Oppdrettsselskapet opplever lite til utfordringane med å skaffe nok arbeidskraft, som er ei utfordring i mange bransjar. Når dei lyste ut internship til bedrifta, var det massiv respons.

– Det har vore enormt mange søkjarar, og vi har fått inn fleire hundre søknader. Det er tydeleg at det er eit behov for dette. Kanskje fleire bedrifter på Sunnmøre bør vurdere å opne for fleire internship, seier Øveraas.

Eit slikt midlertidig arbeid kan innrettast på fleire måtar, men er gjerne mynta på studentar, eller nyleg nyutdanna.

Selskapet har også tilset salsteam i Ålesund og nye folk på logistikk, i tillegg til at dei er i gong med å bygge opp ein fõrsentral.

Har søkt om fleire enn 20 anlegg
Godkjenningane for anlegget på Auka kom på plass i januar. No skal dei i gong med sjølve bygginga, før lokaliteten kalla Aukan blir teke i bruk.

Gadus Group har søkt om å drive oppdrett av torsk fleire enn 20 plassar langs kysten, frå Bodø i nord til Florø i sør. Sande-lokaliteten Dysjaneset er neste søknad på Sunnmøre som er venta å bli ferdigbehandla frå fylkeskommunen.

Hovudvekta av anlegga ligg på Nordvestlandet, og selskapet er i gong med oppdrett på Davik i Nordfjord, Vorpeneset i Vestnes og i Voldsfjorden.

Sistnemnte var åstaden for den største rømminga oppdrettsbransjen opplevde i fjor. Kring 78.000 fisk skal ha rømt grunna feil ved fleire nøter i merdane.

Publisert: 15.02.2023 13:01

Sist oppdatert: 15.02.2023 13:27

Mer om