Geiranger hotell bur seg paa toeff haust
KORONAMØTE: Leiinga ved Hotel Union Geiranger samla til koronamøte med kommunelegen i Stranda tidlegare i år.
Nytt

Geiranger-hotell bur seg på tøff haust

Nøgd med julibesøket, men dei siste par vekene har mange avbestilt.

10.08.2020
(NPK-Anne Sigrid Hundere): Dei små distriktshotella er vinnarane denne sommaren, og fleire melder om rekordar. Likevel gir ein langt kortare sesong enn normalt liten grunn til å juble.I Sunnhordland opplever Fitjar Fjordhotell at det ikkje er like enkelt å vere eit distriktshotell under koronaepidemien.
– Juli har vore katastrofe for oss. Vi er eit hotell som ikkje lever av overnattingar og mat aleine, men også av ulike aktivitetar og arrangement, seier hotelldirektør Ronald Hareide.
Han påpeikar at det er hotella som har dei store naturmomenta som gjer det best.
– Ein treng eit fyrtårn for å lokke til seg dei norske turistane, seier Hareide.
Eit hotell som må kunne seiast å ha eit slikt fyrtårn er Hotel Union i Geiranger.

Færre gjester i Geiranger

Trass ein god julimånad, kan Hotel Union Geiranger verken skilte med rekordtal eller rekordomsetjing.

Med tanke på smittevern har hotellet i sommar tatt i mot færre gjester enn dei har kapasitet til, sjølv om hotellsjefen kan fortelje om stor etterspørsel.
– Vi gjorde nokre val med tanke på kor mange gjester vi ville ha på hotellet for å kunne servere mat så bra som mogleg og ha god kontroll når det gjeld smittevern, seier hotellsjef Finn Nustad.

– Set på bremsane

Han er fornøgd med juli-månaden og håpar at færre, men fornøgde gjester i år, vil gi gode besøkstal også neste sommar. Men utviklinga den siste tida med høgare smittetal gjer at han førebur seg på ein tøff haust.
– Det har skjedd ting dei siste 14 dagane, vi har fått fleire avbestillingar frå nordmenn. Nokre hadde kanskje tenkt å prøve å gjennomføre mindre arrangement med strenge smitteverntiltak, men vel no å setje på bremsane heilt.

Les også:



– Beste julimånad nokosinne


Hos Fjærland fjordstove i Sogn er dei fullbooka i sommar. Bård Huseby, eigar av hotellet, er ikkje i tvil om at distriktshotella har vore heldige denne sommaren.
– Vi har sikkert hatt vår beste julimånad nokosinne, men det blir marginalt likevel. I fellesferien har det vore fult, men sesongen i år blir vesentleg mykje kortare med få utanlandske turistar.

Berre fellesferien som gjeld

Det vesle hotellet ved Fjærlandsfjorden har 15 rom og er ei sesongbedrift. Huseby fortel at dei i fleire år har arbeidd for å forlengje sesongen, medan han i år er tilbake til slik det var for 20 år sidan.
– Vi har jobba lenge og hardt for å utvide sesongen, og har no klart å få ein sesong som er opp til seks månader. No er vi tilbake til slik det var før, då det berre var fellesferien som gjaldt.
Huseby har derimot trua på at denne sommaren kan gjere at nordmenn har oppdaga sitt eige heimland.
– Eg håpar nordmenn ser verdien av at folk bur i små bygdesamfunn. Og at ferie i Noreg ikkje nødvendigvis er så dyrt, men utruleg flott.

Uroleg for kompensasjonsordninga

Framleis er det ikkje klart korleis kompensasjonsordninga blir for hotella utover hausten, noko som gir endå eit uromoment for næringa.
– Vi er usikre på kva som skjer med den statlege kompensasjonsordninga utover hausten. Vi ventar på svar frå regjeringa på kor lenge ein kan permittere, vi ønskjer oss eit heilt år. Alt dette gjer at vi klør oss litt i hovudet for korleis hausten blir, seier Nustad.

20 prosent arbeidsløyse

Ei undersøking frå NHO Reiseliv viser at trass i at fire av ti reiselivsbedrifter har hatt auka omsetning i juli, er det framleis mange permitterte i reiselivsbransjen i Noreg, skriv .
Undersøkinga, som vart utført 31. juli, viser at 40 prosent av reiselivsbedriftene har permittert sine tilsette, og ein av fem har permittert over halvparten av dei tilsette.
– Ein skal ta meldingane om at juli har vore fantastisk for reiselivet med ei klype salt. Det er faktisk 36 prosent som har lågare belegg enn i fjor og bedriftene brukar betydelege ressursar på smittevern, seier Ole Michael Bjørndal, næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv til avisa.
Han meiner regjeringa no må utvide permitteringsordninga.
– Regjeringa sa før sommaren at dersom situasjonen i arbeidsmarknaden held fram, så vil dei etter all sannsyn forlengje permitteringsordninga i august. Reiselivet har framleis 20 prosent arbeidsløyse, seier Bjørndal.

Les også:





(©NPK)


Bilete: yA1CpPh8lGYNormalt kjem mange utanlandske turistar til Geiranger og andre norske fjordar med cruiseskip. Trass i gode julital for nokre hotell, går mange norske hotell ein usikker haust i vente. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPKBilete: mKdTR65rcdoHotell i område med moglegheiter for storslegne fjellturar er vinnarar denne sommaren. Her er to turistar på Flydalsjuvet ved Geiranger. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPKBilete: Ney6ru9fpAcFjærland Fjordstove ligg ved fjorden i Fjærland sentrum. Nordmenn på tur i eige land har gjort av at juli-månaden har vore god for hotellet. Foto: Anne Sigrid Timberlid Hundere / NPKBilete: PT2szs7WN4sHotell Union i Geiranger førebur seg på ein tøffare haust etter ein god juli-månad. Foto: Gorm Kallestad /NTB scanpix / NPK
Nokre hadde kanskje tenkt å prøve å gjennomføre mindre arrangement med strenge smitteverntiltak, men vel no å setje på bremsane heilt

Publisert: 10.08.2020 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01