Hotel Union Geiranger er årets bedrift i fylket
Heidra for å ha skapt ei rekke nye heilårs arbeidsplassar i turistbygda.
Eit einstemmig kompetanse- og næringsutval vedtok fredag at prisen som Årets bedrift 2023 til Hotel Union Geiranger. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.
– Bedrifta har gått frå å vere sesongopent til tilnærma heilårsdrift, noko som har resultert i fleire heilårs arbeidsplassar ved hotellet og som vidare har resultert i tilflytting til området, uttaler utvalsleiar Geir Stenseth i meldinga.
Han understrekar at bedrifta er svært viktig for turistbygda med berre 230 innbyggjarar.
Stor tru på meir vinterturisme
Medan store delar av indre Sunnmøre slit med fråflytting, har pilane peika motsett veg i Geiranger. Det siste året har innbyggjartalet i turistbygda auka.
NETT NO besøkte hotellet i vinter og då fortalde hotelldirektør Monja Mjelva at ho hadde kjempetru på meir vinterturisme.
130-140 tilsette i sving i høgsesongen
Då var hotellet oppe 60 faste heilårsstillingar – fleire enn nokon gong. I tillegg har dei nokre titals utanlandske tilsette som jobbar store delar av året - men gjerne reiser til heimlandet nokre månader i året.
I høgsesongen har dei gjerne 130-140 tilsette
I fjor fekk også Geirangerfjorden og Stranda utmerkinga «Bærekraftig Reisemål» - for sitt arbeid med å utvikle reiselivet.
– Viktig lærebedrift
Politikarutvalet peikar óg på at hotellet har teke ei rolle for å få fleire til å jobbe i reiselivsbransjen
– Hotellet er ei viktig lærebedrift, har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane for mottak av lærlingar og har per i dag tre lærlingar, seier Stenseth.
Prisen blir delt ut på fylkestinget 22. april.
Publisert: 15.03.2024 15:35
Sist oppdatert: 22.03.2024 15:38