Geiranger Hellesylt ferje Foto Marius
GEIRANGERFJORDEN: Tomas Kaut (t.h.) og Nicol Hrubanova (nr. 2. f.h.) har vennane Dominika Papp og Roman Konecny på besøk frå heimlandet Tsjekkia. Dagen nyttar dei til å dra på tur til Geiranger - som einaste reisande på ferja saman med journalisten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Seig kamp for meir vinterturisme

I tillegg til journalisten er éin bil med utanlandske besøkande på ferja til Geiranger ein kvardag i desember.

Marius Rosbach
09.12.2023

Naturen er eit mektig syn når ein sig innover Geirangerfjorden ein kald klar vinterdag i desember. Inst i fjorden ligg bygda som yrer av liv og røre heile sommaren.

No vinterstid er bygda halvt i dvale, men fleire ønsker å vekke den til live og sette plassen på kartet som ein turistdestinasjon i den kalde årstida.

– Eg meiner heile Møre og Romsdal er eit eldorado om vinteren og eg synest det er ei gåte kvifor vi ikkje har ein sterkare vinterprofil, fortel Katrin Blomvik som er direktør for Norsk Fjordsenter i Geiranger.

– Litt fleire tilsette heile året
Ho erkjenner at Stranda-bygda framleis berre er i startgropa med å utvikle seg i retning heilårsturisme. Ho viser til at den andre verdsarvfjorden på Vestlandet – Nærøyfjorden - har brukt årevis på å opparbeide seg ein plass som vinterdestinasjon.

Samtidig har dei heilt andre naturgitte føresetnader med tog, heilårstunnel og dagleg båttrafikk på fjorden inn til Flåm.

– Då kan ein klare å bygge eit «maskineri» som kan gå heile året. Sjølv om det ikkje er lønnsamt til alle tider, så kan bedriftene klare å ha litt fleire tilsette heile året. Det er målet, seier Blomvik.

Norsk Fjordsenter foto Innovasjon Norge 11
BEREKRAFTDIPLOM: Geiranger jobbar strategisk med å utvikle reiselivet. Denne veka var Fjordsenter-sjefen Katrin Blomvik (nr. 2. f.v.) mellom dei som tok i mot diplom for berekraftig reiseliv frå Innovasjon Norge. Foto: Innovasjon Norge

På besøk frå Tsjekkia
Det er eit stykke arbeid som står att for å kome dit. Då NETT NO tek ferja frå Hellesylt til Geiranger denne dagen, er det éin annan bil med fire personar om bord.

Tomas Kaut og Nicol Hrubanova bur i Fosnavåg for å jobbe ei periode. No har dei besøk av Dominika Papp og Roman Konecny frå heimlandet Tsjekkia.

– Vi har vore i Geiranger fem gonger før, men i dag verkar det å vere stille, seier Tomas.

Ingen vinterferje i år
Frå reiselivsaktørane i Geiranger har det vore eit sterkt ønske å få bilferje inn til bygda heile vinteren. Jubelen var stor då dei fekk ønske sitt oppfylt hausten 2021. Men gleda vart kortvarig. Når nyttårsfeiringa er over om få veker, sluttar ferja å gå for denne vinteren.

– Det er rett og slett tragisk for reiselivet, etter mi meining, seier Fjordsenter-sjefen.

Ho påpeikar at fleire bedrifter lanserte for turoperatørar at turistbygda no hadde ein stabil transportveg gjennom vinteren. I staden måtte dei melde at tilbodet likevel ikkje blir noko av grunna ein stram fylkesøkonomi.

Geiranger Fjordservice Geirangerfjord II foto Marius 11
NY BÅTRUTE: I vinter seglar Geiranger Fjordservice turistar inn Geirangerfjorden fleire gonger i veka. Tilbodet er nytt av året og skjer i samarbeid med Havila Kystruten. Foto: Marius Rosbach

Ny rute med sightseeingbåt
Vilja til å utvide sesongen er til stades hos fleire aktørar og har vore på strategikarta dei siste åra. Ein times tid etter at bilferja la til kai, kjem sightseeingbåten frå Geiranger Fjordservice til bygda.

Båtruta frå Ålesund til Geiranger tre gonger i veka gjennom vinteren, er resultatet av eit nytt samarbeid med Havila Kystruten.

– Dette er første ordentlige vinteren med full drift av programmet, så det er veldig spennande, fortel Blomvik.

Denne dagen er besøket litt labert blir NETT NO fortald. Med ein «fjord ranger» i front, går knappe 30 turistar i land. Dei har vore oppe i 70-80 turistar om bord, men snittet er kring 50 anslår dagens guide.

Geiranger Hotel Union foto marius 11
UNION HAR OPE: Hotel Union har framleis ope nokre dagar til, før dei stenger til starten av februar. Sesongen er likevel lengre enn den har vore tidlegare år. Foto: Marius Rosbach

Vinterstenging gir utfordringar
I år stenger mange av reiselivsbedriftene i Geiranger store delar av vinteren. Det gjer at ein kvart år må rekruttere nye tilsette, som kan vere vanskeleg i seg sjølv. Samtidig utfordrar det kvaliteten ved tilbodet.

Blomvik meiner samarbeid er eit nøkkelord for å heve kvaliteten på tilbodet - og auke besøket i vinterhalvåret.

– I ein overgangsfase er det kanskje ikkje rom for at alle kan ha bedriftene sine opne heile året. Vi må finne ein balanse og ein form for samarbeid mellom dei som verkeleg ønsker å satse på vintersesongen. Då kan vi få ein infrastruktur som fungerer, legg ho til.

Fjordabuda Simeon Kriéo foto Marius 11
HELD OPE: Simeon Kriéo jobbar i suvernirbutikken Fjordbuda, ein av få plassar som har ope i Geiranger denne dagen. Foto: Marius Rosbach

Sentrumsrestaurant held ope
Då NETT NO besøker bygda er det éin plass å få seg kaffi og ein matbit: Brasserie Posten - ein lun og triveleg plass sentralt plassert midt på kaia.

Eigaren er ikkje til stades denne dagen, og verken den tilsette eller gjestane frå lokalmiljøet vil bli tekne bilde av. Men «alle» rosar den vesle restauranten for at dei sørger for at det er eit serveringstilbod i bygda.

Også suvenirbutikken Fjord Buda har ope denne dagen. Simeon Kriéo bak disken fortel at dei av og til har berre ti kundar innom.

På Joker-butikken fortel dei om mindre besøk den siste tida. Ei av årsakene er at det er færre arbeidarar på Havila Hotel Geiranger eit steinkast unna. I staden for å halde ope for turistar, har dei hatt ein langtidsavtale om overnatting for arbeidarane som sørger for å få tryggare veg til bygda frå nord.

Får tryggare vinterveg
Arbeidarane som har jobba med å bygge ein rassikringstunnel mellom Eidsdal og Geiranger, har sikra Havila-hotellet stabile inntekter. No skal den nye vegen snart opnast.

Fjordsenter-sjefen trur tryggare vinterveg vil gjere at færre lokalbesøkande kvir seg for å besøke Geiranger. Det kan gi fleire besøkande og gjere det enklare for ein plass som Hotell Union å marknadsføre seg for regionale reisande heile året.

Men Blomvik ser ikkje føre seg at det vil utgjere noko stor skilnad. For dei besøkande frå utlandet er det sjølve fjorden som er opplevinga, påpeikar ho.

– Det er fjorden som er hovudproduktet. Og det å kome seglande inn på vatnet, legg Blomvik til.

Geiranger vinter foto marius 11
FOLKETOMT: Fjordgata i Geiranger er tom for menneske denne dagen. Havila-hotellet i bakgrunnen har stengt for gjestar og husar arbeidarar som jobber med å rassikre vegen til bygda. Foto: Marius Rosbach

Vil «opne fleire ferdselsårer»
Fjordsenter-sjefen meiner ein bør løfte blikket og sjå på infrastrukturen i heile Møre og Romsdal. Ho skulle ønske at det var meir vilje frå det offentlege si side til å «opne fleire ferdselsårer vinterstid».

– Kanskje er det mogleg å få til eit samarbeid med alt frå fly, buss, båt og hotell. Det er ekstremt viktig for at ein plass som Geiranger i det heile skal reiselivsprodukt å tilby om vinteren, seier Blomvik.

Ho har også trua på å tilby reiarlag einerett på passasjertransport på fjorden. Per i dag har fleire aktørar fått løyve – som gjer at konkurransen vil auke – og lønnsemda bli dårlegare for alle, trur Blomvik.

– Om berre ein aktør hadde fått konsesjon, vil den opplagt tene gode pengar på sommaren når det er mykje trafikk. Då kan fylkeskommunen stille krav til at dei har ein viss frekvens om vinteren og bidreg til sesongforlenging, meiner Blomvik.

Publisert: 09.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 08.12.2023 23:40

Mer om