Tafjord kraftliner foto Tafjord Kraft
I første kvartal 2026 kom det mindre nedbør enn normalt i alle prisområda i Noreg. Foto: Tafjord Kraft.
Nytt

Gevinst på Noregspris

NVE: Noregspris lønte seg i heile landet i første kvartal.

27.04.2026

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: – Frå januar til mars var kraftprisane i alle dei norske prisområda høgare enn i same periode i fjor. Sett opp mot kraftprisane dei siste 15 åra var prisnivået i heile Noreg høgt, seier seksjonssjef Magnus Buvik i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVEs rapport for første kvartal viser at det kom mindre nedbør enn normalt i alle prisområda, noko som igjen bidrog til høgare straumpris.

Noregspris sikrar hushalda ein fastpris på 50 øre/kWh inkludert moms. Alternativet er ein spotprisavtale med straumstøtte-ordning.

Lønner seg
Då noregspris vart innført i fjor haust, var beskjeden at det truleg ville lønne seg sør i landet, men ikkje i Nord-Noreg.

No har prisane vore så høge, at heile landet ville vore tent med noregspris-avtale i første kvartal.

– Straumrekninga for hushald med spotprisavtale auka samanlikna med same kvartal i 2025. I alle prisområde ville eit typisk hushald vore tent med noregspris framfor spotpris med straumstøtte i første kvartal 2026, skriv NVE.

Dei har rekna på kor mykje eit hushald med eit kraftforbruk på 20.000 kWh i året, har brukt på straum i første kvartal.

– For eit hushald i Søraust- og Nord-Noreg ville noregspris gitt høvesvis 3577 og 697 kroner lågare straumkostnad, skriv NVE i kvartalsrapporten.

Tusenvis å spare
Dei har berekna følgjande kostnad for straumen i første kvartal for eit hushald med dette straumforbruket. Den første summen er straumprisen med spotpris og straumstøtte, medan summen i parentes er for noregspris:

* Søraust-Noreg (NO1): 11.106 kroner (7529 kroner)

* Sørvest-Noreg (NO2): 11.036 kroner (7529 kroner)

* Midt-Noreg (NO3): 10.675 kroner (7549 kroner)

* Nord-Noreg (NO4): 6.193 kroner (5496 kroner)

* Vest-Noreg (NO5): 11.127 kroner (7540 kroner)

Låg fyllingsgrad
NVE fortel at det var rekordlite snø i dei norske fjella ved utgangen av mars.

– Mindre snø i fjellet betyr mindre tilsig til vassmagasina under snøsmeltinga gjennom våren og sommaren, seier Buvik.

Det blir meldt om store forskjellar i magasinfyllinga mellom nord og sør.

– Medan fyllingsgrada i Nord-Noreg var godt over medianen, var han i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) under medianen, opplyser NVE.

I Midt-Noreg var det meir på normalen.

Førebels blir det meldt om ein avgrensa effekt av krigen i Midtausten på straumprisane, men at det kan endre seg framover.

– Sjølv om høg gasspris isolert sett kan bidra til auka kraftprisar, var prisane i mars i store delar av Europa rundt same nivå som for same månad i fjor, skriv NVE.

Kostnadssprekk
Regjeringa har allereie vore ute og varsla at noregspris-ordninga blir dyrare enn venta, på grunn av dei høge straumprisane.

– Vi hadde laga eit anslag ved inngangen til året i budsjettet, og så har jo prisane gått opp på grunn av det som skjer med energi, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB tidlegare månaden.

I statsbudsjettet for 2026 har regjeringa sett av 9,1 milliardar kroner til ordninga.

Fornybar Norge har berekna at staten brukte 9,3 milliardar kroner på noregspris i berre dei første tre månadene i år.

Samtidig aukar også inntektene til staten med dei høge straumprisane.

Den same berekninga frå Fornybar Norge anslår at staten i januar-mars tente rundt 13,6 milliardar kroner berre på den delen av straumprisen som overgår 40 øre per kilowattime.

Publisert: 27.04.2026 15:48

Sist oppdatert: 27.04.2026 15:48

Mer om