Geirangerfjorden Feriesenter foto Geirangerfjorden Feriesenter
REKORDÅR: Både inntektene og lønsemda vaks for Geirangerfjorden Ferisenter i fjor. Foto: Geirangerfjorden Feriesenter
Nytt

Gevinst på oppgradering for campingplass

Svak krone og oppgraderte hytter ga «all time high».

27.05.2024

Campingplassen Geirangerfjorden Feriesenter ved foten av Ørnesvingane i Geiranger har investert omlag seks millionar kroner i oppgradering av hyttene dei siste tre åra.

Det betaler seg. I fjor blei eit rekordår, med auke både i inntekt og lønsemd (sjå tabell under).

Godt over halvparten av inntektene kjem frå utanlandske gjestar, og valutaeffekten er positiv for selskapet, seier styreleiar Finn Magne Grande.

– Krona er låg og det er billeg for folk å kome til Noreg, seier han.

I tillegg gjer oppgraderingane av standarden på hyttene det råd å ta seg betre betalt for å leige dei ut.

Satsa vidare under korona
Med koronapandemien i 2020 forsvann dei utanlandske gjestane og driftsinntektene fall frå 5,4 til fire millionar kroner. Først i 2022 var inntekten oppe over nivået frå 2019.

Selskapet sette imidlertid ikkje på bremsene då pandemien kom, men investerte i oppgraderingar og har halde fram med det sidan.

Det tek tre-fire år før investeringane er betalt attende, ifølgje Grande.

Familieigd
Geirangerfjorden Feriesenter er eit familieigd selskapet, med far Finn Magne Grande og sønene Adrian, Magnus og Øystein Dyrhaug Grande som eigarar.

Adrian Dyrhaug Grande er dagleg leiar og største aksjonær.

Geirangerfjorden Feriesenter As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt8,26,5
Driftsresultat1,20,7
Resultat før skatt1,20,7

Publisert: 27.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 26.05.2024 22:40