Geirangerfjorden feriesenter foto 11
HYTTER OG CAMPING: Geirangerfjorden Feriesenter sysselsette fire årsverk i fjor og har pussa opp fleire av hyttene sine. Foto: Geirangerfjorden Feriesenter
Nytt

Alt tyder på at utlendingane kjem tilbake

Feriesenteret i Geiranger har nytta to tøffe år under pandemien til å pusse opp. No er bookingane på rekordnivå før sommaren.

Marius Rosbach
17.03.2022

Det familiedrevne Geirangerfjorden Feriesenter har vore gjennom to tøffe år med koronapandemien.

Eigar Finn Magne Grande fortel at bestillingane foran sesongen ser «veldig bra ut». No er dei på nivå med somrane før pandemien – som var rekordår for feriesenteret.

– Om det ikkje skjer noko heilt spesielt så er vi optimiske og trur dette vil bli eit bra år, fortel han til NETT NO.

Europa og USA er tilbake
Bestillingane for sommaren viser at bestillingane frå Europa er tilbake som normalt, og USA-gjestane er «definitivt tilbake», fortel Grande. Bookinga frå Asia har førebels vore meir lunken.

– Men no ticka det nettopp inn nokre bestillingar frå Inda og Saudi Arabia, så vi trur dette blir eit bra år, legg han til.

Avhengig av gjestar frå utlandet
Til vanleg er dei avhengige av dei utanlandske gjestane i tida utanom ferien for nordmenn.

– Vi har flest utanlandske besøkande, med gjestar frå land som Tyskland og Holland, og Nord-Europa generelt. På campingplassen har vi flest tyskarar, med nordmenn som ein god nummer to, fortel Grande.

Auka drivstoffprisar kan påverke campingbesøket, men han trur det skal mykje til for at dei vil oppleve noko større nedgang av dette.

Underskot i fjor
Pandemien gjorde at 2020 blei eit dårleg år, men fjoråret var betre. 2021-rekneskapen som blei offentleg denne veka, viser at inntektene heldt seg oppe gjennom fjoråret og omsetninga blei betre enn i 2020.

Fjoråret enda likevel med eit driftsunderskot på drygt 400.000 kroner, som er det største selskapet har hatt. (Artikkelen held fram under tabellen)

Geirangerfjorden Feriesenter
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt5,34,03
Driftsresultat-0,430,01
Resultat før skatt-0,5-0,02

Har pussa opp hyttene
Finn Magne Grande fortel at delar av resultatet kan forklarast med at dei har gjort omfattande vedlikehald og oppussing på dei eldste hyttene.

– Vi har nokre hytter som var luksushytter den gong dei blei bygd på 1970-talet. No har vi sett dei opp til dagens standard, fortel han.

Dei har planar om å halde fram med å pusse opp hyttene, men Grande fortel at dei vil ta steg for steg ut frå korleis marknaden utviklar seg.

Ny generasjon som dagleg leiar
Finn Magne er framleis styreleiar i selskapet og tek seg av rekneskap og bestillingar. Dei siste åra har sonen, Adrian Dyrhaug Grande, teke over som dagleg leiar ved feriesenteret.

Geirangerfjorden Feriesenter sysselsette i fjor fire årsverk.

Selskapet blei stifta 2012, men det har vore campingplass på Grande mykje lengre. Garden har vore i familien i heile ni generasjonar, og Finn Magne tok over drifta av hyttene og campingplassen frå sin far i 1999.

Publisert: 17.03.2022 08:48

Sist oppdatert: 17.03.2022 08:48

Mer om