rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsbilde: Marius Rosbach
Nytt

Gir opp etter meir enn 35 år i bransjen

Anleggsfirma har for lite å gjere. Ny konkursauke i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
20.11.2023

Anleggsfirmaet Per Røyrhus i Stad er konkurs etter at leiinga melde oppbud til Sogn og Fjordane tingrett. Det kjem fram av ei kunngjering før helga.

Firmaet skifta namn til GPR kort tid for konkursen, og har opplyst til tingretten at dei har ei gjeld på kring 8,7 millionar. Dei samla verdiane er anslått til 6,5 millionar kroner.

Thore Heggen er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt 15. desember.

Lite arbeid og større konkurranse
Styremedlem og eigar Salve Røyhus opplyser til Sunnmørsposten at det har vore ei tid med lite nye prosjekt og større konkurranse i bransjen.

– Det ser heller ikkje ut for at det blir betre i nær framtid, så vi valde derfor å gi oss no, legg han til.

Anleggsfirmaet har vore i bransjen sidan 1987 og har dei siste ti år omsett for mellom 11 og 28 millionar kroner.

Fem år med underskot
Økonomien har blitt svakare dei siste åra, og frå 2017 til 2021 gjekk selskapet med underskott viser rekneskapane.

I den siste offentlege rekneskapen frå 2021, vart det påpeika at framleis drift var avhengig av at likviditeten blei betra ved auka lønnsemd, eller tilgang på meir kapital. Samtidig blei det vist til fleire pågåande tiltak, som ga betre resultat på det tidspunktet.

Ny konkursauke i Møre og Romsdal
Etter at 2023 starta med eksplosiv konkursauke på Nordvestlandet, roa veksten seg utover året.

Ved utløpet av av 3. kvartal, viste statistikken ei auke i talet på konkursar i Møre og Romsdal på kring 30 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Ved utgangen av november viser kunngjeringane frå Brønnøysundregistera at veksten har auka att utover hausten. Per 20. november er meir enn 40 prosent fleire konkursar i fylket, samanlikna med same periode i fjor.

I Vestland har veksttempoet halde fram med å dabbe av. Per måndag var det opna om lag 17 prosent fleire konkursar i fylket så langt i år, samanlikna med same periode i fjor.

Publisert: 20.11.2023 09:26

Sist oppdatert: 20.11.2023 09:26

Mer om