Torstein Heggstad CEO Maritime Partner
ENORM ETTERSPØRSEL: Etter fleire tøffe år planlegg Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad for vekst. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gjer seg klar til kraftig vekst

Maritime Partner planlegg å kunne levere 40 båtar i året - ei dobling samanlikna med 2023. Flyttar skrogproduksjon til Nordvestlandet.

23.04.2025

– Ein enorm etterspørsel, seier Maritime Partner-sjef Torstein Heggstad om korleis selskapet opplever marknaden for båtane Ålesund-selskapet byggjer.

Onsdag presenterte han kva konsekvensar av ei farlegare og meir usikker verd for Maritime Partner, på eit frukostseminar i regi av advokatselskapet Adviso, Næringsforeningen og kommunikasjonselskapet First House.

For Maritim Partner betyr det truleg meir å gjere, fordi fleire land no er i ferd med å ruste opp. Då er det også etterspurnad etter relativt små båtar som Maritime Partner bygger.

Rekordkontrakt
Tidlegare i år signerte Maritime Partner si hittil største kontrakt. Den er på ein halv milliard kroner og er inngått med det danske forsvaret.

Danskane har bestilt sju redningsbåtar til  redningstenesten, som ligg under forsvaret.  

Det er i denne marknaden - redningsbåtar, politi-, toll- og små forsvarsfartøy - at Heggstad ventar veksten kjem. Selskapet er allereie i ferd med å planlegge korleis produksjonskapasiteten kan aukast, og han fortalde også at selskapet ser etter fleire tilsette. 

I dag har Ålesund-selskapet om lag 50 tilsette.

Opprustning
Det er signal frå både Noreg og nære naboland som er med å gjere at Maritime Partner bur seg på kraftig vekst, ifølgje Heggstad:

Det norske forsvaret har 47 båtar at Maritime Partner-storleik, som kan bli skifta ut. Samstundes er det vedtatt å bygge 28 større norske krigsskip. Til kvart at dei skipa, følgjer det typisk to med to båtar av den typen som Maritime Partner bygger.

Danskane har signalisert at dei ønskjer rundt 80 mindre båtar til forsvaret og svenskane mange fleire.

I tillegg kjem at Maritime Partner nyleg har seld to båtar til den britiske marinen, og Heggstad har forhåpningar om at eit eventuelt norsk-britisk fregattsamarbeid også kan gi oppdrag til Ålesund-selskapet.

Fryktar ketchup-effekt
På frukostseminaret fortalde Heggstad kva han fryktar kan stikke kjeppar i hjula for veksten planglegg for. Det er at styresmaktene somlar med å bestille båtar og alt anna som trengst for å ruste opp.

Ei somling vil for det første utsette naudsynte investeringar industrien må gjere for å auke produksjonskapasiteten. 

For gjer somling det meir sannsynleg at alle skal bestille samstundes, og då kan det bli mangel på kritisk utstyr - som gjer at industrien ikkje blir i stand til å levere i tide.

Skrog i Hjørungavåg
Fram til no har ein fabrikk i Latvia vore hovudleverandør av skrog til Maritime Partner. Men nyleg har Bauta Group byrja å produsere skrog for selskapet, på sitt anlegg i Hjørungavåg.

Det er eit samarbeid Heggstad har store forventningar til.

Latvia har ein stor russisktalande befolkning, og andelen med russisk bakgrunn er enda større i fabrikken i Latvia, ifølgje Heggstad. 

Så langt har det vore problemfritt, men i ein ny tryggleikspolitisk situasjon er det ein av faktorane som har medverka til at Maritime Partner både vil ha fleire underleverandørar og ha dei nærare til seg på Nordvestlandet. 

Publisert: 23.04.2025 13:53

Sist oppdatert: 23.04.2025 18:24

Mer om