Årsberetninga for Vard Group AS viser drifta i 2019 gjekk betre enn året før. Likevel enda resultat før skatt på nær to milliardar kroner i minus (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
Inntektene for den samla verksemda til Vard Group enda i fjor på 7,9 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag ein halv milliard frå året før.
Konsernet hadde ved utgangen av 2019 ei ordrebok beståande av 25 skip til ein verdi av kring 17 milliardar.
Samla gjeld blei redusert i løpet av 2019, frå 11,4 til 10,1 milliardar kroner.
I tillegg viser leiinga til at dei har hatt ein «negative performance» i møte med utfordringane ved det å bygge fleire ulike avanserte skip på same tid.
Allereie i juni var det klart at skipsbygginga for verftkonsernet i fjor ville ende med milliardunderskot. Fincantieri opplyste då at frå dei italienske eigarane for å styrke økonomien.
I årsberetninga blir det påpeika at reiselivet er mellom bransjane som er treft hardast av koronapandemien. Difor har dei tett kontakt med partnarane i dei ulike prosjekta for å sikre at oppdraga blir fullført.
Offshoremarknaden blir omtala som framleis svak, sjølv om det er teikn til betring for større forsyningsskip.
Dataangrepet, er ikkje omtala i rekneskapen datert i slutten av april.
Oversikta i viser at konsernet i fjor fekk ein nedgang i inntektene frå skipsbygging ved dei norske verfta. 1,3 milliardar kom i 2019 frå Norge. Inntektene frå dei norske verfta, var året i forvegen på drygt tre milliardar.
I løpet av året gjekk eigarane inn for å legge ned verfta i Aukra og Brevik i Telemark.
I dag har konsernet dei norske verfta i Brattvåg, Søvika og Tomrefjord. Mellom anna hovudkontor og designavdeling er i Ålesund. I tillegg har dei to verft i Romania, eitt i Brasil og eitt i Vietnam.
I tillegg til cruise og offshoreskip, bygger Vard skip til fiskeri, havbruk – og ikkje minst forsvarsfartøy. Vard Langsten skal mellom anna bygge dei nye kystvaktskipa for det norske forsvaret.
Inntektene for den samla verksemda til Vard Group enda i fjor på 7,9 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag ein halv milliard frå året før.
Konsernet hadde ved utgangen av 2019 ei ordrebok beståande av 25 skip til ein verdi av kring 17 milliardar.
Samla gjeld blei redusert i løpet av 2019, frå 11,4 til 10,1 milliardar kroner.
Brasil-trøbbel og nedskrivingar
I årsberetninga viser leiinga mellom anna til problem med reguleringane i Brasil som årsak til underskotet. Tap og nedskrivingar i dotterselskapet Vard Promar i det søramerikanske landet, var ved utgangen av året rekna å vere 357 millionar.I tillegg viser leiinga til at dei har hatt ein «negative performance» i møte med utfordringane ved det å bygge fleire ulike avanserte skip på same tid.
Allereie i juni var det klart at skipsbygginga for verftkonsernet i fjor ville ende med milliardunderskot. Fincantieri opplyste då at frå dei italienske eigarane for å styrke økonomien.
Les også:
Cruise treft hardt av korona
Samtidig er det dystre utsikter for både ekspedisjonsskip og offshoreskip, som er kjernemarknaden til Vard-konsernet.I årsberetninga blir det påpeika at reiselivet er mellom bransjane som er treft hardast av koronapandemien. Difor har dei tett kontakt med partnarane i dei ulike prosjekta for å sikre at oppdraga blir fullført.
Offshoremarknaden blir omtala som framleis svak, sjølv om det er teikn til betring for større forsyningsskip.
Dataangrepet, er ikkje omtala i rekneskapen datert i slutten av april.
Les også:
Politiet:
Mindre inntekter frå norske verft
Oversikta i viser at konsernet i fjor fekk ein nedgang i inntektene frå skipsbygging ved dei norske verfta. 1,3 milliardar kom i 2019 frå Norge. Inntektene frå dei norske verfta, var året i forvegen på drygt tre milliardar.
I løpet av året gjekk eigarane inn for å legge ned verfta i Aukra og Brevik i Telemark.
I dag har konsernet dei norske verfta i Brattvåg, Søvika og Tomrefjord. Mellom anna hovudkontor og designavdeling er i Ålesund. I tillegg har dei to verft i Romania, eitt i Brasil og eitt i Vietnam.
I tillegg til cruise og offshoreskip, bygger Vard skip til fiskeri, havbruk – og ikkje minst forsvarsfartøy. Vard Langsten skal mellom anna bygge dei nye kystvaktskipa for det norske forsvaret.
Les også:
Klubbleiar i Vard:
Publisert: 06.08.2020 13:25
Sist oppdatert: 18.04.2021 23:13