Å få eit felles forum og talerør for heile næringslivet. Det er målet med nyskipinga, fortel Hav Group-direktør Gunnar Larsen, som skal leie arbeidet.
I fjor haust vart Herøy Næringsforum avvikla. Det var ikkje økonomisk grunnlag for å halde fram, ifølgje ei pressemelding. Herøy Næringsforum sine eigedelar og hovudoppgåver vart overført til Fosnavåg Shippingklubb, som no opprettar ein eigen komite som eit forum for alle bransjar, under sin paraply.
Komiteen skal ha eit konstituerande møte torsdag denne veka, fortalde Larsen då han presenterte planane på eit møte i Fosnvåg Shippingklubb mandag 15. september.
Inviterer fleire
I tillegg til Larsen er Håvard Remøy frå MMC First Process, tidlegare assisterande kommunedirektør Sølvi Lillebø Remøy, Kristian Remøy Bakke frå Remøy Havfiske, Gry Cecilie Sydhagen frå Metizoft og Jon Robert Moen frå Moen Mathus med i komiteen frå starten.
Larsen inviterte folk frå fleire bransjar til å bli med, og etterlyste spesielt representantar frå reiselivsbransjen.
Sjølvstendig
Dagleg leiar Sissel Ødegård i Fosnavåg Shippingklubb seier komiteen skal arbeide sjølvstendig, og sjølv velje arbeidsoppgåver og organiser arbeidet sitt.
Herøy Næringsforum arrangerte mellom anna Fosnavågkonferansen rett før sommarferien kvart år.
I år vart den vidareført med Fosnavåg Shippingklubb som arrangør.
Publisert: 16.09.2025 08:54
Sist oppdatert: 16.09.2025 12:36






