Gjekk til landsfinalen med sunn hundemat
Prisen for årets ungdomsbedrift gjekk til Molde-skule.
Onsdag var ungdomsbedrifter frå heile Møre og Romsdal samla til fylkesmeisterskap på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.
30 bedrifter deltok og konkurrerte om ei rekke ulike prisar – inkludert prisen som årets ungdomsbedrift i fylket. Tre av prisane kvalifiserer til deltaking i den nasjonale finalen.
Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal står bak konkurransen, som blir arrangert årleg.
– Vi merkar at det blir høgare nivå for kvart år. Fleire tek tak i utfordringar kring berekraft, og i år har vi ganske mange som har satsa på sosialt entreprenørskap, fortel dagleg leiar Lars Øyvind Baltzersen til NETT NO.
Årets ungdomsbedrift frå Molde
Onsdag kveld var resultatet av alle kåringane klare - og årets ungdomsbedrift vart 3-8 UB frå Molde vidaregåande skule. Bedrifta skal ved hjelp av moderne teknologi, gjere ferdsel i naturen tryggare.
Også Balance UB frå same skule, We Fix UB frå Rauma vidaregåande og SunnSnacks UB frå Ålesund vidaregåande, går til landsfinalen i Oslo i slutten av april.
Sjå alle vinnarane (ekstern lenke)
Sunn snacks til hundar
I vrimlearealet på NMK var det yrande liv då deltakarbedriftene viste fram verksemda si for dei besøkande.
SunnSnacks UB frå Ålesund videregående skole er blant dem som allereie har eit ferdig produkt for sal. Ungdomsbedrifta tok utgangspunkt i at dei kunne få tak på råstoff frå fiske og fangstlinja på skulen.
– Då hadde vi ei god moglegheit til å produsere noko med fisk, fortel dagleg leiar Dina Frøysa Os til NETT NO.
Vi ser føre oss å få det ut nasjonalt både i butikkar og nettbutikkar
Resultatet vart eit tørrfiskprodukt som blir laga ved skulen. Produktet er med andre ord kortreist, og prisen ligg under konkurrerande produkt.
Hundesnacksen er allereie i sal via sosiale media og denne veka har dei selt kring 60 pakkar. Dei fem i bedrifta går 1. klasse på sal, service og reiselivslinja, og vil gjerne utvide verksemda.
- Vi ser føre oss å få det ut nasjonalt både i butikkar og nettbutikkar, fortel Os.
Vil lage tidenes beste «bli kjent-spel»
Ei anna bedrift som er ute på marknaden med produktet sitt er spelselskapet i Sladder UB ved Akademiet i Ålesund.
Trioen bak firmaet fortel at dei kjem frå ulike miljø og ville lage eit spel med spørsmål som kunne gjer deltakarane betre kjende med kvarandre.
– Vi ønsker å lage tidenes beste «bli kjent-spel» i Norge. Korta og alt innhaldet er laga og designa av oss, fortel Synne Lade Hellesø til NETT NO.
Fekk trykk ved Brattvåg-bedrift
Sjølve spelet med kort og instruksjonar fekk dei trykt ved Hatlehols Grafiske i Brattvåg. Lokal produksjon gjer også spelet meir berekraftig, påpeiker dei. Hellesø fortel at spelet er i sal via sosiale mediekanalar. Tilbakemeldingane så langt har vore gode.
– Spelet kan nyttast til alt frå bursdagsselskap, festar, vorspiel, eller gute- og jentekveldar, fortel ho.
Sjekk alle deltakarane her (ekstern lenke)
Publisert: 15.03.2023 15:54
Sist oppdatert: 15.03.2023 20:14