Gjer flåten grønare saman med Kongsberg Maritime
Allseas tar i bruk batteriteknologi på tre store fartøy - og skal gjere heile flåten grønare.
Allseas har hovedkontor i Sveits, men har mykje av aktiviten sin utfrå Nederland. Selskapet er av dei leiande på kabellegging og store og komplekse offshoreoperasjonar.
No skal heile flåten verte grønare, og selskapet har inngått samarbeid med Kongsberg Maritime. Det skriv offshore-energy.
Startar med tre skip
I første omgang har selskapet bestemt seg for å utstyre kabelleggingsfartøya Solitaire og Audacia, samt fleirbruksfartøyet Fortitude, med hybride løysingar frå Kongsberg Maritime.
I tillegg opplyser selskapet at målet at ein vil sjå på liknande og andre hybride løysingar for resten av skipa.
Allseas opplyser i ei pressemelding at Solitaire vert det første skipet som skal utstyrast med Konsbergs PowerAllocatorTM energilagringssystem, som blant anna lar motorane køyre med auka drivstoffeffektivitet og opnar for full fleksibilitet i kraftsystemet.
Solitaire er av verdas største kabelleggarar med ei lengde på 397 meter og innreiing for 420 personar.
Installerast neste år
I tillegg vil Audacia og Fortitude verte utstyrt med dual-feed Energy Storage Systems (ESS).
Allseas opplyser at dei nye systema vil bli installerte i 2023.
Selskapet viser også til mulege framtidige kraftkjelder som sol og brenselceller som ein del av hybride system, og opplyser at ein tar sikte på å byggje inn fleire utsleppsreduserande tiltak når skipa ikkje er operative.
Det vert også vist til at optimalisert energieffektivitet, hybride løysingar og plug-in-løysingar i hamnene vil redusere utsleppa med 20 prosent for heile flåten samanlikna med dagens dieselelektriske løysingar.
Les også
Publisert: 07.10.2022 09:11
Sist oppdatert: 07.10.2022 09:45