Egil haugsdal kristin vidhammer
STØRRE ORDREBOK: Egil Haugsdal er sjef for Kongsberg Maritime, den største verksemda i Kongsberg Gruppen. Ordreinngangen for 2. kvartal var rekordhøg for denne delen av verksemda. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Vekst og rekordhøg ordreinngang

Historisk høgt nivå på ordreboka for Kongsberg Maritime.

Marius Rosbach
13.07.2022

Kvartalstalla for Kongsberg Gruppen viser at veksten held fram for Kongsberg Maritime. Rekordhøg ordreinngang i kvartalet og ein vekst i driftsinntektene på 14 prosent, er fasiten etter 2. kvartal for denne delen av verksemda.

Sjå tabell med resultat under

Ein ordreinngang på 6,6 milliardar i kvartalet, gjer at den totale
ordreboka for Kongsberg Maritime er på knappe 17 milliardar.

Det er eit historisk høgt nivå, påpeiker leiinga.

– Høg ordrereserve og ettermarknadsaktivitet vil sikre vekst i 2022, heiter det vidare i rapporten som vart lagt fram i ei børsmelding onsdag morgon.

Oppdrag frå ulike segment
Konsernsjef Geir Håøy sa i presentasjonen onsdag morgon at Kongsberg Gruppen hadde hatt ei svært positiv utvikling det siste året.

Han påpeika at oppdraga til Kongsberg Maritime kom frå ulike segment. Det gjer risikoen mindre og at ein ikkje er avhengig av utviklinga i ein marknad.

Følg presentasjon av resultatet frå klokka 8.15 eller i opptak seinare (ekstern lenke)

– Det var sterk ordreinngang både frå ettermarknaden og for leveransar
til nye fartøy, heiter det i rapporten.

Samtidig er det meget god ordreinngang på «Sensors & Robotics», som er knytt til dei autonome Hugin-farkostane.

(saka held fram under)

Kongsberg maritime andre kvartal presentasjon 22
ULIKE SEGMENT: Ordrane kjem frå ulike område, men det er spesielt god aktivitet for LNG-skip, havvind og militære fartøy. Illustrasjon: Kongsberg Maritime

Auka inntektene
Kongsberg Martime er det største dotterselskapet i Kongsberg Gruppen. Driftsinntektene for 2. kvartal var på drygt 4,65 milliardar – ei auke på om lag 560 millionar samanlikna med same periode i fjor.

Samla driftsinntektene etter første halvår er på knappe ni milliardar.

Driftsresultatet for kvartalet viser eit overskott på 334 millionar. Samla driftsresultat etter første halvår er på 607 millionar.

Denne delen av verksemda omfattar mellom anna avdelingar på Nordvestlandet som tidlegare var eigd av Rolls Royce-konsernet. Kongsberg Maritime har anlegg og kontor i Brattvåg, Ålesund, Hareid og Ulsteinvik.

Kongsberg Gruppen ASA
2. kvartal. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt

7.567

6.762
Driftsresultat
683
697
Resultat før skatt
676
706



Kongsberg Maritime


2. kvartal. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
4.654
4.092
Driftsresultat
334
295

Publisert: 13.07.2022 08:09

Sist oppdatert: 13.07.2022 09:00

Mer om