NTB Dvnw68gy Mw U 1
Kongsberg Gruppen er blant dei norske våpenselskapa som kan bli viktige for opprustinga av Europa framover. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Nytt

Glede over forsvarssatsing

EU rettar blikket mot norsk forsvarsindustri i den nye storsatsinga for å ruste opp Europa.

19.03.2025

NPK-NTB/NETT NO:  – EU-kommisjonens kvitbok og forslag til forsvarsplan er eit klart uttrykk for at Europa ønskjer å ta større ansvar for eigen tryggleik. Vi meiner det er viktig og positivt at EU inviterer Noreg inn, og at vi saman kan bidra til å styrkje tryggleiken og forsvaret av Europa, seier kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberg Gruppen.

Han seier dei har jobba overfor EUs institusjonar, i godt samarbeid med norske styresmakter og «team Norway», for å vise korleis norsk forsvarsindustri kan bidra.

– For Kongsberg Gruppen er deltaking i EUs program avgjerande. Vi er allereie ein integrert del av den europeiske forsvarsindustrien, med allereie etablerte eigarskap, leverandørkjeder og samarbeid som går på tvers av grensene mellom EU- og EØS-land, seier Lie.

Også Nammo lovar å bidra.

– Noreg og Norden utgjer eit forsvarsindustrielt tyngdepunkt. Nammo og Kongsberg er store innanfor til dømes luftvern, missil og rakettmotorar. Vi er leiande også innanfor ammunisjon, og selskap som Chemring Nobel har ei strategisk betydning for heile Europa. Forsvarsindustrien i Noreg og Norden byggjer allereie opp, og vi kan bidra og stille opp for Europa også som del av denne store forsvarssatsinga, seier kommunikasjonsdirektør Thorstein Korsvold i Nammo til NTB.

Verftsindustrien er med
Noreg har allereie planar om ei opprustning av Sjøforsvaret, som mellom anna kan gi ringverknadar på Nordvestlandet.

Berre Vestfold ligg an til å få større positive ringverknadar enn Møre og Romsdal dersom planane om å bygge 28 nye krigsskip blir sett ut i livet.

Det er konklusjonen i ein rapport Menon Economics har laga på oppdrag for Maritimt Forum, Norsk Industri, LO og NHO.

I alt 56.500 årsverk blir sysselsettingeffekten. 23.500 av dei kjem under bygging av fartøya, resten i vedlikhald og reparasjonar etterpå.

Eit vegskilje
Europa skal ruste opp. I den nye forsvarsplanen sin rettar EU mellom anna blikket mot norsk forsvarsindustri.

Eit vegskilje for Europas tryggleik.

Slik omtaler EU forsvarsplanen «Readiness 2030» som vart lagt fram i Brussel onsdag.

– Om vi ønskjer å unngå krig, må vi vere førebudde på krig, slo EUs forsvarskommissær Andrius Kubilius fast då han saman med EUs utanrikssjef Kaja Kallas presenterte planen.

– Dette er ein sentral augneblink for EUs forsvar, seier Kallas.

Fire stolpar
«Readiness 2030» er namnet EU-kommisjonen har gitt den nye planen, som er eit såkalla «white paper», noko tilsvarande ei stortingsmelding eller eit vegkart for opprustinga av Europa.

Planen kviler på fire stolpar:

* Massiv auke av forsvarsbudsjetta til EU-landa

* Tette kapabilitetshola når det gjeld militært utstyr, særleg luftforsvar og ammunisjon. Investeringane skal koordinerast og spissast.

* Få fart på europeisk forsvarsindustri

* Ukraina: Større europeiske forsvarskjøp betyr også at meir utstyr kan sendast til Ukraina. I tillegg skal den ukrainske forsvarsindustrien styrkjast.

– Planen skal både dekkje snarleg behov og gjere Ukraina i stand til å stå imot meir langsiktige truslar, understrekar Kallas.

Få fart i investeringane
Bakteppet for storsatsinga er at USA ikkje lenger blir rekna som ein trygg alliert. I tillegg fryktar EUs at Russland vil teste EUs beredskap om 3–5 år.

– Om du først investerer når du treng det, er det for seint, seier Kallas. Planen heng tett saman med planen «ReArm Europe» som vart lagt fram i for snart to veker sidan.

Den inneheld to element som skal bidra til å få fart i forsvarsinvesteringane:

* Eit fond på 150 milliardar euro som EU-landa kan låne pengar frå til felles forsvarsinvesteringar der minst 65 prosent av utstyret er produserte i EU. Noreg og Ukraina er inkludert i ordninga, medan land som USA, Storbritannia og Tyrkia er ekskludert ettersom dei ikkje har tryggingsavtalar med EU.

* Å lette på EUs reglar for gjeld og budsjettunderskot på høvesvis 60 og 3 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) for forsvarsinvesteringar dei neste fire åra. Budsjettunderskotet kan auke med maksimum 1,5 prosent.

– Ingen EU-hær
I tillegg vil EU forenkle regelverket for forsvarsinvesteringar. Ein ny såkalla omnibuspakke skal leggjast fram i juni.

– Det er for mykje byråkrati og reguleringar, seier Kubilius.

Frå EU blir det påpeika at opprustinga skal skje i nært samarbeid med Nato.

– Vi har ingen planar om å erstatte Natos kommandostruktur eller byggje opp ein eigen EU-hær, seier ein tenesteperson.

Noreg i særstilling
I ei orientering for pressa i Brussel vart det understreka at EU «vil fordjupe forholdet når det gjeld felles innkjøp og flaggskip-prosjekt med Noreg».

I forsvarsplanen heiter det at «Noreg er ein fullverdig partnar i EUs forsvarsprogram».

Noreg deltek allereie i Det europeiske forsvarsfondet (EDF) og programmet for kjøp av ammunisjon, ASAP.

I mai i fjor underteikna Noreg også ein ny avtale om forsvars- og tryggingspolitisk samarbeid med EU.

Forsvarsindustrielt tyngdepunkt
Same år fekk Kongsberg Gruppen, Nammo og Chemring Nobel nesten 1 milliard kroner frå ASAP for å produsere meir ammunisjon.

– Noreg og Norden utgjer eit forsvarsindustrielt tyngdepunkt. Nammo og Kongsberg er store innanfor til dømes luftvern, missil og rakettmotorar. Vi er leiande også innanfor ammunisjon, og selskap som Chemring Nobel har ei strategisk betydning for heile Europa. Forsvarsindustrien i Noreg og Norden byggjer allereie opp, og vi kan bidra og stille opp for Europa også som del av denne store forsvarssatsinga, seier kommunikasjonssjef Thorstein Korsvold i Nammo til NTB.

– EU-kommisjonens forslag til forsvarsplan er eit klart uttrykk for eit ønske om å ta større ansvar for eigen tryggleik og viser ein reell vilje til å ta store løft, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) i ei fråsegn til NTB.

Publisert: 19.03.2025 16:08

Sist oppdatert: 19.03.2025 16:08

Mer om