Militaere skip foto sjoforsvaret 11
MANGE NYE FARTØY: Det norske forsvaret skal investere i ein rekke ulike fartøy i ulike storleik framover. Foto: Sjøforsvaret
Nytt

Skip til forsvaret kan gi 56.500 årsverk

– Potensialet er enormt, seier dagleg leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest.

13.09.2024

Berre Vestfold ligg an til å få større positive ringverknadar enn Møre og Romsdal dersom planane om å bygge 28 nye krigsskip blir sett ut i livet.

Det er konklusjonen i ein rapport Menon Economics har laga på oppdrag for Maritimt Forum, Norsk Industri, LO og NHO.

I alt 56.500 årsverk blir sysselsettingeffekten. 23.500 av dei kjem under bygging av fartøya, resten i vedlikhald og reparasjonar etterpå.

Verft på Nordvestlandet
Fleire bedrifter som leverer til forsvarsindustrien er bakgrunnen for at Vestfold kjem best ut målt i sysselsetting, med 4700 årsverk i ei 12-årsperiode, anslår Menon Economics.

På Nordvestlandet, som er tyngdepunktet for norske skipsverft, anslår Menon Economic at krigsskipa vil gi 3900 årsverk i byggeperioden.

– Potensialet er enormt, og uansett korleis du vrir og vender på det er det enormt for Møre og Romsdal, seier dagleg leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest.

Nils Nordstrand Sjøforsvaret foto Marius 11
TRENG NYE SKIP: Kommandørkaptein Nils Nordstrand med skisser av type fartøy Sjøforsvaret ser behov for framover. Han meinte det hasta med å ta ei avgjerd då han møtte den maritime industrien tidlegare i år. Foto: Marius Rosbach

Vil bygge fregattar
Regjeringa har gitt tydlege signal om at skipa skal byggast i Noreg.

Den vil også har fem nye fregattar.

Vard har sagt at også fregattane kan byggast i Noreg, og dersom det blir tilfelle vil ringverkandane bli enda større, ifølgje Fiske.

Forsvarssamarbeid på Nordvestlandet
Det er verfta og andre deler av maritim næring som får den største verdiskapinga av den nye kriggskipa, i alt 19 milliardar kroner over ei 30-årsperiode, ifølgje Menon-rapporten.

Les rapporten her (ekstern lenke)

Maritime bedrifter på Nordvestlandet har gått saman i eit forum for å samarbeide og utveksle erfaringa som kan styrke dei i konkurransen om å vinne oppdrag knytt til bygging og vedlikehald av fartøya.

På de nylegaste møtet i forumet sa forsvarspolitisk talsperson for Høgre, Hårek Elvenes, at han rekna med at avgjerda om ein flåteplan og val av leverandørar vil bli lagt fram før neste sommar.

Publisert: 13.09.2024 14:34

Sist oppdatert: 13.09.2024 14:35

Mer om