Glede over gjennomslag for sjøfolk
Norsk lønn i norske farvatn er første reforma regjeringa går laus på.
– Eg kan stadfeste at vi har byrja eit arbeid for eit lovutkast, der vi lovfestar at det er norske lønns- og arbeidsvilkår som skal gjelde i norske farvatn og på norsk sokkel, inkludert offshoreflåten, seier Skjæran til VG.
– Gjeld ikkje enkeltanløp
Det betyr at utanlandske cruiseskip som er innom stader som Oslo, Bergen, Hardanger og Ålesund ikkje lenger kan betale filippinsk lønn når dei seglar i norsk farvatn.
Men norsk lønnsnivå vil ikkje gjelde for skip som kjem til ei norsk hamn med varer eller turistar og reiser ut igjen.
– Det gjeld ikkje enkeltanløp til Noreg, men trafikk mellom norske hamner og skip som kjem til norske farvatn som har Noreg som hovuddestinasjon, ved anløp i fleire norske hamner, seier Skjæran.
Reiarlaga har vore kritiske til konsekvensane av lønnsauken og fryktar svekka konkurransekraft for deira del.
Glede hos sjømannsforbundet og LO
Forbundsleiar Johnny Hansen i Norsk Sjømannsforbund kallar saka ein stor siger.
– Eg byrja å jobbe med denne saka i 2008 og no får vi endeleg gjennomslag, seier Hansen.
Også LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er nøgd med at det blir tatt tak i saka:
– Dette kan være det vi treng for å løfte norske sjøfart til nye høgder og få nordmenn til å bli sjøfolk igjen, seier ho til avisa.
Vil levere raskare enn lova
Arbeidet med lovutkastet er ifølgje VG den første reforma Skjæran går laus på av saker han er ansvarleg fór i den nye regjeringsplattforma.
– Stortinget har levert eit oppmodingsvedtak om denne saka, og det skal eg overoppfylle – og vi skal levere raskare enn eg har lova, seier Skjæran.
Publisert: 15.11.2021 08:40
Sist oppdatert: 15.11.2021 08:53