Glen Bradley inn i torskeoppdrett
Neste år skal oppdrettselskapet Codlife ha torsk i sjøen. Formalitetar står att før kapitalutviding mot investorar frå Nordvestlandet er klar.
Viseadministrerande direktør Glen Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein satsar på torskeoppdrett gjennom selskapet Codlife, saman med hovudaksjonær Sebastian Ludvigsen og Hogne Ottesen.
No er dei i ferd med å hente inn pengar som skal finansiere selskapet fram til det har ein oppdrettskonsesjon, og ein lokalitet for plassering av det første anlegget. Dei vil óg ha eit par konsesjonar for vidare vekst.
Både emisjon og investorar er i realiteten i boks, berre formalitene står att, ifølgje Bradley. Han vil førebels ikkje seie kven som blir dei nye medeigarane, men fortel at det er investorar på Nordvestlandet.
Dette skal byggast opp over tid
Varsam vekst
Codlife har adresse i Ålesund, og målet er og å drive oppdrettsverksemda i Ålesund kommune.
Den første fisken kan kome i sjøen neste år, og i første omgang i eitt anlegg.
- Dette skal byggast opp over tid, seier Bradley.
Tredje oppdrettsselskap for torsk i regionen
Med Codlife har Nordvestlandet fått sitt tredje torskeoppdrettselskap.
Tidlegare i år vart Statt Torsk børsnotert, med adresse i Vanylven. I fjor blei Gadus Group etablert med adresse i Ålesund.
- Vår ambisjon er å kunne ha 10-12 lokalitetar på Sunnmøre og seks-sju Kinn, Stad og Bremanger, sa dagleg leiar og medgrunnleggar Ola Kvalheim i Gadus Grop til NETT NO i desember i fjor.
Les også
Milliardinvesteringar
Investeringane som må til i anlegg og oppdrettsfisk innan utløpet av 2025, blir like under ein milliard kroner, anslo Kvalheim.
Statt Torsk driv i dag to oppdrettskonsesjonar i Vanylven. Målet er å kome opp i seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg i løpet av 2025, sa dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie til NETT NO i april.
Før børsnoteringa henta Statt Torsk 115 millionar kroner i ei kapitalutviding for å finansiere vekst.
Publisert: 02.06.2021 15:33
Sist oppdatert: 03.06.2021 00:49