Vinmonopolet montasje ingvild tennfjord IKKE GJENBRUK Hermann Christian Neupert Mittet Co Nasjonalbiblioteket Ole Berg Rusten NTB NPK
POLKØ PÅ 1920-TALLET: Bilde til venstre viser polkø i Oslo første salsdag etter at heitvinsforbodet vart oppheva i 1923. Dei siste tiåra har det skjedd ein revolusjon i nordmenn sitt forhold til mat og drikke, meiner forfattar og journalist Ingvild Tennfjord. Foto: Hermann Christian Neupert/Mittet & Co/Nasjonalbiblioteket - Ole Berg-Rusten/NTB/NPK
Nytt

God, gammal årgang – polet jubilerer

Brennevin var lenge salsvinnaren, men dei siste tiåra har det skjedd ein revolusjon i nordmenn sitt forhold til mat og vin, meiner journalist og forfattar Ingvild Tennfjord.

19.03.2022

(NPK-Kari Hamre): Vinmonopolet vart i si tid etablert fordi europearar kravde å få selje vinen sin til nordmenn sidan dei kjøpte så mykje fisk av oss. I år er dette hundre år sidan, og 94 prosent av den norske befolkninga har fått polutsal i kommunen sin.

Det var 30. november 1922 at Vinmonopolet blei stifta som eit privat aksjeselskap under statleg kontroll. Etableringa var ein konsekvens av reglane i den norske forbodstida (brennevinsforbodet), og namnet har opphav i at det på etableringstidspunktet berre var lov å selje vin her i landet.

Selskapet har i dag nasjonalt monopol på butikksal av vin, brennevin og sterkøl, og har over 27.000 produkt i sortimentet sitt. Hundreårsjubileet skal markerast gjennom heile året med ulike informasjonstiltak.

– Målet er å hente heile historia til Vinmonopolet fram frå dei støvete krokane og fortelje ho til publikum. Dette blir mellom anna formidla på nettsidene våre, gjennom ein eigen podkast-serie, i ein biletserie på Instagram, i artiklar i aviser og innslag på tv. Og så kjem det ei jubileumsbok til hausten, fortel kommunikasjonssjef Jens Nordahl til Nynorsk pressekontor.

Alkoholforbod skapte Vinmonopolet

I 1916 vart det innført eit brennevinsforbod i Noreg som gjaldt både produksjon og sal. Forbodet var grunngjeve i matmangel under første verdskrigen, men hadde også fråhaldspolitiske grunnar då Noreg i årevis hadde hatt eit stort alkoholproblem. Korn og poteter måtte brukast til mat, ikkje til produksjon av øl og brennevin. Men forbodet førte til mykje smugling, illegal produksjon og eit alkoholkonsum staten ikkje fekk oversikt og kontroll over.

Brennevinsforbodet skapte også handelspolitiske vanskar. Vinproduserande europeiske land som kjøpte fisk av oss, ville nemleg at vi skulle kjøpe alkohol av dei. Frankrike, Spania og Portugal stilte nærast ultimatum. Dersom dei skulle halde fram med å handle tørrfisk – som alltid har vore ei veldig viktig eksportvare for oss – måtte Noreg lage eit system der nordmenn fekk kjøpe så mykje vin dei ville.

Det var heilt utenkjeleg for norske styresmakter å leggje ned norsk fiskerinæring, så den statlege løysinga på problemet vart til slutt å opprette eit vinmonopol med kontrollert alkoholsal.

Frå portvin til raudvin
I dag går «alle» på polet, korleis var det i 1922?

– Det var berre dei største byane i landet som hadde polutsal i byrjinga, så kundane var først og fremst byfolk og ein og annan tilreisande. Når vi ser på foto av polkøar frå 20-talet, ser vi at dei femnar ganske breitt og at det står både kvinner og menn, seier Nordahl.

Vinmonopolet Jens Nordahl Foto Trond Reidar Teigen ntb npk 11
JUBILEUMSÅR: Kommunikasjonssjef i Vinmonopolet, Jens Nordahl. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB / NPK

Nordmenn hadde eit lågt konsum av «vanleg» vin dei første åra av Vinmonopolets eksistens. Vi var eit øl- og brennevinsdrikkande folk.

– Når det gjaldt vin var det størst sal av sterkvin, som portvin, sherry og madeira. Svakvin var eit marginalt fenomen som få drakk. Vi må ut på 60-talet før vi ser at svakvinsalet gjer noko av seg. Og 1967 var eit merkeår. Då gjekk vinsalet forbi brennevin målt i liter, og det skjedde på polutsalet på Briskeby på vestkanten i Oslo, fortel Nordahl.

Sakte, men sikkert følgjde resten av Noreg etter dei komande tiåra, i takt med at polutsala vart fleire og samfunnet moderne og meir likestilt mellom kvinner og menn.

– Men vi må heilt til 1995 før svakvin utgjer ei større alkoholmengd enn brennevin på salsstatistikken, seier kommunikasjonssjefen. Og slik er det framleis.

– Har skjedd ein revolusjon
Ifølgje journalist og forfattar Ingvild Tennfjord, som har eiga vinspalte i mellom anna Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad og held vinkurs, har vi nordmenn hatt ei vanvitig modning innan mat og vin dei siste tiåra.

– Det har skjedd ein revolusjon. Nordmenn er generelt blitt meir kunnskapsrike og nysgjerrige på vin – og er villige til å betale meir for flaska. Mange restaurantar, både i bygd og by, har fått eit større medvit rundt kortreist mat og mattradisjonar og fleire i bransjen har utdanna seg innan vin. Dessutan har polutsala blitt fleire og gir nordmenn tilgang til eit stort utval frå heile verda, seier Tennfjord.

Vinmonopolet tapping foto Anders Beer Wilse Nasjonalbiblioteket
PRODUKSJON PÅ 1920-TALLET: Tapping av vin hos Vinmonopolet i 1924. Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket

Digitale kurs under pandemien
Ho synest nordmenn har fått smaken på kvalitet både på tallerken og i glaset.

– Og mange vil lære meir. Det ser vi på talet på deltakarar på vinkursa. I pandemien vart det halde digitale kurs – då nådde vi ut til endå fleire enn vanleg, både folk i distrikta og travle småbarnsforeldre kunne samlast til å smake og lukte, fortel ho.

– Eg hugsar godt kjensla av å ikkje kunne så mykje om vin. Det var ein viktig grunn til at eg starta. Lesarane av stoffet mitt har kunna utvikle seg saman med meg gjennom det eg har formidla.

Rekordår i fjor
På desse åra har marknaden endra seg.

– Den tunge raudvinen blir oftare bytt ut med lysare og lettare vinar med lågare alkoholprosent. Prisen har gått opp og nordmenn utforskar fleire enn dei tradisjonelle vinlanda, fortel vinekspert Ingvild Tennfjord og legg til at både vinmarknad og konsumentar vil vere i kontinuerleg utvikling.

I pandemiåret 2021 selde Vinmonopolet 118,4 millionar liter alkohol, ein auke på 2,5 prosent frå 2020. Det er rekord.

Årsaka er at koronarestriksjonane førte til mindre grensehandel, taxfree-sal og uteliv i store delar av året. Det er likevel ikkje grunn til å tru at nordmenn drikk meir alkohol enn før.

I ei Opinion-gransking fortel 69 prosent av dei spurde at dei sidan mars 2020 har hatt stabilt alkoholkonsum, 22 prosent viser til nedgang, medan 9 prosent fortel om auka konsum.

Pol i alle fylke

Dei nordiske landa, utanom Danmark, har i dag «vinmonopol». Ei slik ordning finst ikkje i resten av Europa.

Sidan 1991, då Sogn og Fjordane som sistemann fekk sine første pol, har alle fylka våre hatt polutsal. Ved nyttår hadde Vinmonopolet vel 340 butikkar. Det vil seie at om lag 94 prosent av innbyggjarane i Noreg bur i ein kommune med eigen vinmonopolbutikk.

Ved årsskiftet var det 76 kommunar utan pol som ønskjer at Vinmonopolet etablerer seg i kommunen deira. Det er forventa sal som avgjer om det er grunnlag for etablering i ein kommune. Minst sju nye pol skal opne i her i landet i jubileumsåret 2022.

Går mest i raudvin

Raudvin er det nordmenn kjøper mest av på polet. Slik har det vore sidan 1970-talet. Ein god nummer to er kvitvin, følgd av musserande vinar og rosévin.

Raudvinssalet har likevel gått ned 2 prosent og kvitvin tilsvarande opp. Salet av musserande og rosévin har derimot auka med 13 prosent.

Raudvinen dominerer i dei kalde månadene av året, medan dei andre vintypane er mest populært når varmegradene stig.

(NPK)

Publisert: 19.03.2022 05:55

Sist oppdatert: 18.03.2022 14:18

Mer om