God Jul fraa NETT NO 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 6a38c95946c6aa04e339d3a880e06ce3
Foto: Wikimedia Commons
Nytt

God Jul frå NETT NO-redaksjonen

Store deler av næringslivet på Nordvestlandet greidde seg godt i år. Spesielt maritim bransje går inn i 2024 med meir å gjere.

22.12.2023

Då vi starta planlegginga av NETT NO-magasinet 2023 tidleg i vår var det vanskeleg å sjå eit klart utviklingstrekk som kjenneteikna korleis året ville bli, og neste år ville utvikle seg.

På den eine sida var låg arbeidsløyse, bedrifter som sleit med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, opptur i olje, friskmelde offshorereiarlag og stigande inntekter og auka lønsemd for alle eksportbedrifter, takka vere den svake krona.

På den andre sida var stigande rente og ei prisstiging vi ikkje har vore van med på mange år, eit tilbakeslag for møbel- og andre bedrifter som hadde ein boom under koronapandemien.

Desse skilnadane har ikkje dempa seg i 2023, heller tvert i mot. Både 2021 og 2022 var lønsame år for næringslivet på Nordvestlandet, som du kan lese om i NETT NO-magasinet 2023. Kan hende både 2023 og 2024 blir eit år med større ulikskap mellom dei ulike bransjane, sjølv om lønsemda samla sett blir like god som i 2022.

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i NETT NO-magasinet 2023. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her

I år er det 11. år på rad for NETT NO-magasinet. Det er eit magasin vi i år gav ut med vemod.

Vår gode ven, kollega og medgrunnleggar Kjetil Haanes døydde i juni i år, etter lengre tids sjukdom.

Han var med i planlegginga av dette magasinet, og aktiv i NETT NO heilt til det siste.

Nett no magasinet 2023

I årets NETT NO-magasin har vi besøkt Baltikum, der dei første bedriftene frå Nordvestlandet etablerte seg for fleire tiår sidan lokka av låge kostnadar og tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Lønsnivå og kostnadar har auka også der, men framleis satsar aktørar her frå regionen i Baltikum – og haustar gevinst med auka aktivitet også for bedriftene heime i Noreg.

Vi har også snakka med Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Frode Håkon Kjølås om livet etter at dei selde seg ut av Optimar og blei investorar i ein rekkje selskap på Nordvestlandet, Erik Berg om den landsomfattande hotellkjeda hans, og hurtigbåtbyggarane i Hyen om boomen dei er inne i. Vi har óg møtt mor og døtrer bak satsinga på å reetablere kåpe-produksjon i Tomrefjord.

Sidan NETT NO såg dagens lys i 2013 har vi kvart år henta ut ei oversikt frå Bisnode over korleis næringslivet gjer det.

Rekneskapsdatabasen omfattar bedrifter med over fem millionar i driftsinntekt i kommunane i Nordfjord (medrekna den delen av Kinn som var Vågsøy kommune), alle kommunane på Sunnmøre - og frå 2021, Molde, Rauma og Vestnes.

Databasen omfattar over 3300 bedrifter og årets utgåve omfattar rekneskapstal frå 2018 og fram til og med 2022.

Frå 2020 til 2021 gjorde bedriftene på Nordvestlandet eit solid hopp, både i inntekter og lønsemd. I fjor beit dei seg fast på det nye nivået. Inntektene vaks, og lønsemda blei nesten like god som i 2021 (sjå tabell). Talet på tilsette auka også, med over 2600 personar i NETT NO si oversikt.

Vi ønskjer våre lesarar og annonsørar ei retteleg God Jul!

Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Publisert: 22.12.2023 14:00

Sist oppdatert: 23.12.2023 09:44