God start for Island Drilling
GOD DRIFT: Etter at "Island Innovator" først kom i arbeid har drifta gått godt. Riggen har arbeid til inn i 2016.
Nytt

God start for Island Drilling

Etter ein trøblete start byrja første heile driftsår godt for Island Drilling.

03.09.2014
- Etter at vi segla frå Hanøytangen har riggen fungert veldig godt, seier administrerande direktør Roger Simmenes i Island Drilling Company ASA.
Nett no er riggen "Island Innovator" halvvegs i det fjerde av i alt 12 boreoppdrag for det svenske oljeselskapet Lundin. Riggen ligg i Barentshavet, og skal sørover for å bore på Johan Sverdrup- og Edvard Grieg-feltet vest for Stavanger og Haugesund i haust og vinter.
Kontrakten med Lundin vil gi arbeidd til inn i 2016, i følgje Simmenes. Går alt bra vonar han at Lundin nyttar retten selskapet har til å leige riggen vidare for 12 nye boreoppdrag etter at dagens kontrakt er fullført.

Drifta i første halvår var svært god, med lite dødtid. Om det ikkje dukkar opp uventa hendingar reknar Simmenss med at lønsemda i Lundin-kontrakten vil ligge på det same nivået framover.

Sunnmørsk riggselskap

Sjølv om Island Drilling Company har hovudkontor på Kokstad ved Bergen og blir drive av bergenske Odfjell Drilling, er det langt på veg eit sunnmørsk riggselskap det er snakk om.
Island Offshore-systemet, med Morten og Håvard Ulstein i spissen, er storaksjonærar i selskapet, og har spelt ei sentral rolle både i etablering og i å få riggen fram til operativ stand. Selskapet Island Offshore V as eig 31,9 prosent av aksjane, Island Offshore XII KS 5,5 prosent og familieselskapet Borgstein 2,19 prosent.
Finansdirektør i selskapet arbeider dessutan frå Ulsteinvik. På generalforsamlinga i sommar vart banda ytterlegare undstreka ved at boreselskapet skifta namn frå Maracc til Island Drilling Company.
Selskapet er notert på Norges Fondsmeglerforbunds liste over ikkje-børsnoterte aksjar.

Tøff start

I mai 2013, like før "Island Innovator" skulle ut i oppdrag for Lundin, tok riggen inn vatn og krenga. Folk ombord måtte evakuerast, dykkarar gjekk ned for å finne ut kva som var gale. Det viste seg at ein plugg hadde blitt fjerna ved ein feil, lekkasjen vart tetta og riggen kom på rett kjøl.
Men uhellet kosta, og forseinka tidspunktet for når riggen kunne kome i drift. Først i slutten av august 2013 fekk riggen klarsignal for å gå i gang.
Skadene blei dekt av forsikringa, men tapte inntekter, betaling for ekstra tid på verftet og ekstra utgifter til mannskapet gjorde at selskapet bad aksjonærane om meir penger. Selskapet henta inn i alt 420 millionar kroner i ny eigenkapital i 2013, skreiv Dagens Næringsliv.

Tøff marknad

I følgje Vikebladet Vestposten er "Island Innovator" utleigd for rundt 500.000 dollar dagen.
Avtalen er slik at reiarlaget får betalt når riggen er i drift. Dess fleire dagar riggen er operativ, dess betre for selskapet. Første halvår var svært godt, i følgje Simmenes.
Medan han har leigd ut riggen til ut i 2016, er det tøffare for riggeigaren som konkurrerer om nye oppdrag nett no.
- Operatørane, med Statoil i spissen, har sett bremsene på og prøver å få kostnadane ned, seier Simmenes.
Han ventar at ein del av dei store riggselskapa vil svare med flytte riggar til andre marknadar, som Brasil og Mexicobukta, og kanskje til og med legge ein del eldre riggar i opplag.
Oljeselskapa sine krav om lågare leigeprisar kjem på toppen av at kostnadane på norsk sokkel er blitt vesentleg høgare dei siste åra.

Milliardrigg

Forseinkinga på Hanøytangen var ikkje den første for "Island Innovator". Målet var opphavleg at riggen skulle vere klar til drift i 2010.
Riggen blei og dyrare enn planlagt, og selskapet har bokført nedskrivingar av verdien på ialt 200 millionar dollar.
I kvartalsrapporten for andre kvartal 2014 er riggen bokført til 721 millionar dollar (4,5 milliardar kroner).
I følgje anslag for verdien på riggen som selskapet har innhenta frå tre meklarar kan marknadsverdien på sjølve riggen (utan kontrakter) ligge mellom 650 og 730 millionar dollar.
Etter at vi segla frå Hanøytangen har riggen fungert veldig godt

Publisert: 03.09.2014 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37