Rem Wind foto Rem Offshore
LEVERT: Rem Offshore sitt nybygg er bygd ved Vard sitt Vietnam-verft og vart overlevert til reiarlaget i april i år.. Foto: Rem Offshore
Nytt

God start på 2024 for Rem Offshore

Rem Offshore har større overskot i første kvartal enn i heile 2022.

11.06.2024

Rem Offshore er godt rusta for vidare inntektsvekst og en sterkare marknad, skriv selskapet i ei melding om årsresultatet for 2023 og starten på 2024.

Dei 19 fartøy reiarlaget hadde i drift i fjor hadde ei utnyttingsgrad på 95 prosent.

I desember i fjor selde reiarlaget fartøyet Rem Aquarius. Dei 18 fartøya i drift i 1. kvartal hadde ein utnyttinggrad på 97 prosent.

I april fekk reiarlaget overlevert nybygget Rem Wind, og har ytterlegare eitt fartøy under bygging.

Reiarlaget har ein ordrereserve på 3,5 milliardar kroner, og opsjonar på forlenging av kontraktane på eit like stort beløp

Satsar på vekst
Etter fleire tøffe år for offshorereiarane valde Rem Offshore å bestille eit nytt offhsorfartøy frå Myklebust Verft utan å ha klart eit oppdrag for det nye fartøyet før byggekontrakten blei signert.

- Båten har vi bevisst halde utan oppdrag og halde den tilgjengeleg for ein marknad som er i vekst, sar dagleg leiar Lars Conradi Andersen til NettNo.

Båten blir bygd for oppdrag både for vindkraft- og oljebransjen, og Conradi Andersen sa han var optimistisk til utviklinga i begge marknadane.

Rem Offshore Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt1279,6841,3
Driftsresultat561,5155,8
Resultat før skatt346,722,2
Rem Offshore Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner2023
Driftsinntekt388,5
Driftsresultat før av- og nedskriving244,9
Resultat etter skatt88,9

Publisert: 11.06.2024 11:05

Sist oppdatert: 11.06.2024 17:04

Mer om