Gode permitteringsreglar er godt smittevern
MARITIMT NETTMØTE: Jonas Gahr Støre i maritimt nettmøte, her saman med konsertillitsvald Arne Otto Rogne i Vard og Ivar Engan, dagleg leiar i Maritimt Forum
Nytt

- Gode permitteringsreglar er godt smittevern

Jonas Gahr Støre og Ap vil opne for 52 vekers permittering for å behalde kompetansen, men også fordi det er eit godt helsetiltak.

16.06.2020
- Det norske permitteringsreglementet er eigentleg eit godt tiltak for å hindre smittespreiing.
- I USA og mange andre land har tilsette ikkje råd å halde seg heime, og vi ser kva som skjer då.
Det sa Jonas Gahr Støre under eit nettmøte med Norges rederiforbund og Maritimt Forum tysdag.

Kurse og utdanne permitterte

Temaet var vegen ut av krisa, og Støre meinte at det var feil av regjeringa i revidert statsbudsjett å ikkje opne for 52 vekers permittering, slik mange i næringslivet har bede om for å behalde kompetansen til krisa er over.
- Vi vil auke til 52 veker, men vi vil gjere meir. Vi må også bruke denne tida til å forbetre kompetansen, til å bruke meir midlar på utdanning og kursing av permitterte, sa Støre.
Han viste til at 75 % av nasjonalformuen vert skapt gjennom arbeid.
- Å halde folk i jobb er viktig for enkeltmenneska, men er også avgjerande for at den norske modellen fungerer.

- Viktig med sterk offentleg sektor

Han hadde merka seg at enkelte uttrykte uro for at offentleg sektor skulle vekse som følgje av krisa, men meinte at det ikkje var grunn til uro.
- Grunnen til at vi har klart oss betre enn Sverige er blant anna at vi har ei relativt god eldreomsorg som er bra bemanna, og med god kontakt til dei ulike organa.
- Eg er veldig for ein sterk offentleg sektor, og eg er redd for at ein svekkar beredskapen som ligg i den offentlege helsetenesta.
Han meinte at det var viktig å samlast om dei globale fellesskapsløysingane.
- Pandemihandtering må vi ha internasjonalt samarbeid rundt, men no ser vi at internasjonale fellesskapsløysingar er under angrep.
- Og denne krisa er den første internasjonale krisa sidan 1945 der USA er fullstendig fråverande.

Viktig olje- og gassnæring

Støre meinte at Norge var i god posisjon til å vere leiande på nye teknologiske løysingar inn mot det grøne skiftet.
- Men då må vi ha ein aktiv politikk som spelar på lag med industrien.
Han åtvara mot å undervurdere olje- og gassnæringa si rolle i det grøne skiftet.
- Dette er ein industri som vi må sikre er oppegåande, og vere avgjere for å levere nye grøne løysingar.

Etterlyste handling

Han sa at det samstundes var viktig å halde den maritime industrien i live gjennom krisa, og forstod dei som poengterte at det er skilnad på store offshoreverft og skipsverft.
Støre meinte at regjeringa sin hydrogenstrategi var for passiv.
- Vi må ha ein aktiv strategi, ikkje berre eit dokument.
- Vi må få på plass testanlegg fort. Vi må vere mykje meir aktive.

Forspranget minkar

Han meinte også at det fanst store mulegheiter for CO2-fangst og lagring, sjølv om det var sterke krefter i Europa som trekker i andre retningar.
- Om vi lukkast både å fange og lagre, er det eit enormt potensiale til å skalere opp satsinga, blant anna inn mot punktutslepp for kol.
Støre hadde stor tru på offshore vind, men åtvara mot at andre land kom fort etter.
- Her har vi hatt eit forsprang på eitt til to år overfor andre land, men no kjem andre europeiske land fort etter.

300.000 sjøfolk får ikkje byte

Under nettmøtet opplyste adm. dir. Harald Solberg i Norges Rederiforbund at det er 300.000 sjøfolk som ikkje får gjennomført mannskapsskifte på grunn av koronarestriksjonar.
- Sjølv om det vert letta opp i mange land, er krisen større enn nokon gang for global skipsfart.
- Det er nesten umuleg å få til mannskapsskifte globalt, og det er nærare 300.000 sjøfolk som ventar på å byte skift, sa Solberg som etterlyste interanasjonalt samarbeid for å få plass ordningar for internasjonale mannskapsskifte.
Å halde folk i jobb er viktig for enkeltmenneska, men er også avgjerande for at den norske modellen fungerer

Publisert: 16.06.2020 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58