Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
ENDA BETRE: Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli og styret ventar at 2021 blei eit betre år for banken enn 2020. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gode tider i bankane

Koronakrisa kom ikkje - og lønsemda stig.

01.11.2021

Bankresultata for tredje kvartal fortel om ei koronakrise som det ikkje blei noko av for bankane sin del, og som storparten av kundane deira greidde seg godt gjennom.

Tredjekvartals-rapportane fortel og om eit samfunn med stigande aktivitetsnivå.

Ørskog Sparebank, som la fram kvartalsrapporten for 3. kvartal 2021 i dag har hatt ein utlånsvekst på 4,3 prosent i siste 12-månadarsperiode. Banken ventar og at tapsavsetningane vil gå ned framover.

Les børsmelding frå Ørskog Sparebank her

Tilbakefører offshoretap
Hos Sparebank 1 SMN blei avsetningar til tap på utlån og garantiar redusert frå 231 millionar kroner ved utløpet av 3. kvartal 2020 til 31 millionar kroner ved utløpet av 3. kvartal 2021.

Det betrar resultatet.

Hovudårsaka til reduserte tapsavsetningar er betre utsikter for olje og offshorenæringa, skriv banken i 3. kvartalsrapporten.

Les børsmelding frå Sparebank 1 SMN her

200 millionar i utlån
Sparebanken Vest er nykomar med eiga avdeling i Ålesund og opna dørene på Ålesund-kontoret 1. september.

Så langt har banken lånt ut 200 millionar kroner frå Ålesundkontoret til nye personkundar, fått fire nye bedriftskundar og er i samtale med rundt ytterlegaer 10 potensielle bedrifterkundar, ifølgje Torstein Hegstad, som er sjef for Sparebanken Vest i Ålesund.

Les børsmelding frå Sparebanken Vest her

Ørskog Sparebank

Pr. 3. kvartal. I mill. kroner 20212020

Inntekt

54,036,4
Resultat før tap24,522,3

Resultat før skatt

22,519,5
Ørskog Sparebank
3. kvartal. I mill. kroner20212020

Inntekt

17,915,9
Resultat før tap8,36,6
Resultat før skatt7,86,7
Sparbank 1 SMN

Pr. 3 kvartal. I mill. kroner

20212020

Inntekt

50424603
Resultat før tap28142523
Resultat før skatt26851814
Sparebank 1 SMN
3. kvartal. I mill. kroner20212020
Inntekt15781525
Resultat før tap

880

850
Resultat før skatt849619
Sparebanken Vest
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20212020

Inntekter

32722914
Resultat før tap21441835
Resultat før skatt21721491
Sparebanken Vest
3. kvartal. I mill. kroner20212020
Inntekter

1172

974
Resultat før tap789627
Resultat før skatt811551

Publisert: 01.11.2021 14:23

Sist oppdatert: 01.11.2021 14:41