Gode turar paa blaakveite
20 MILLIONAR: I løpet av fire veker fiska "Havstrand" (biletet) og "Havbryn" blåkveite for 20 millionar kroner. 
Nytt

Gode turar på blåkveite

Dei to Strand-båtane Havstrand og Havbryn har vore heime med blåkveite for over 20 millionar kroner kvar i lasten.

Administrator
17.06.2016
Dei to blåkveitefangstane vart tekne i løpet av fire veker med effektivt fiske ved Aust-Grønland. Etter lossing er både Havstrand og Havbryn no komne i fiske igjen.

Høgt prisa fiskeslag

Blåkveite er eit ettertrakta og godt betalt fiskeslag, men prisane kan variere mykje alt etter storleik og om den blir levert rund eller kutta.
- Den vanlege japankutta blåkveita går vanlegvis for frå 45 til 55 kroner kiloen alt ettersom, men for rund blåkveite under eitt kilo ser vi prisar på opp til 70 kroner kiloen, seier salssjef Vidar Njålsund ved Surofi i Ålesund.
Dermed blir det fort pengar av det når det dreiar seg om fangstar på bort imot 400 tonn slik tilfellet var med Havstrand. 375 tonn av fangsten var blåkveite i ulike storleikar og variantar.
Blåkveita blir omsett på ulike marknader, men mykje av den går til Kina.
Havbryn sin fangst er enda ikkje komen på salslaget sin leveringsstatistikk, men skal etter det NETT.NO har grunn til å tru ha vore enda større enn den Havstrand leverte i Ålesund mandag og tysdag.

Bra supplement

- Vi har vore inne og levert, og det blei ein bra tur, seier Jon Grimstad som er driftssjef i den greina av Strand rederi som i tillegg til Havstrand eig ringnotsnurparen Strand Senior.
Den andre Strand-greina har snurparen Havskjer i tillegg til trålaren Havbryn.
Grimstad seier dei ikkje brukar å gå ut med kvantum og verdiar, og det prinsippet vil han halde fast på også i dette tilfellet.
- Men det blei eit bukbart supplement til hovudgesjeften var som er torsk, sei og hyse. Så mykje kan eg seie.

Valde bort reke

Ifølgje Grimstad valde reiarlaget i år å sende Havstrand på blåkveitefiske ved Grønland i staden for å fiske reke ved Svalbard. Verdiane som båten hadde med seg heim tyder på at dette var eit klokt val av rederiet.
- Båten var vekke i seks veker, og slik sett var det ein lang tur. Men resultatet blei bra, og det er gode tider i kvitfisk akkurat no, seier Grimstad.
Vi har vore inne og levert, og det blei ein bra tur

Publisert: 17.06.2016 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58