Geiranger Hotelldrift AS driv Hotell Geiranger.
- Både 2014 og 2015 har vore bra år, og også 2016 ser bra ut. Juni, juli og august er allereie fullbooka, seier dagleg leiar og styreleiar Tore Sævil Haldorsen.
Turistmarknaden i Norge har vore aukande dei siste åra, noko som mellom anna skuldast svakare norsk kronekurs og som gjer det billegare for turistar å feriere i Norge.
Ifølgje Haldorsen, driv dei kontinuerlig oppussing og vedlikehald av hotellet. Driftselskapet Geiranger Hotelldrift har forvrig ein leigeavtale på hotelbygningane.
- Vi har ein god hotellstandard og vi føler at vi er blitt veldig konkurransedyktige, seier Haldorsen.
- Både 2014 og 2015 har vore bra år, og også 2016 ser bra ut. Juni, juli og august er allereie fullbooka, seier dagleg leiar og styreleiar Tore Sævil Haldorsen.
Turistmarknaden i Norge har vore aukande dei siste åra, noko som mellom anna skuldast svakare norsk kronekurs og som gjer det billegare for turistar å feriere i Norge.
Indisk satsing
- Vi har mellom anna hatt ein god vekst i det asiatiske marknaden. No er førti prosent av gjestane frå Asia, og der dei to største gruppene er turistar frå Kina og India. Når det gjeld India, har vi gjort spesielle satsingar mot denne marknaden. Dei liker ikkje å ete europeisk mat, og derfor har vi hatt indisk kokk og også eige selskapslokale til indiske gjester som ønskjer det. Vi har også vore i India kvart år på promotion, og etterkvart har vi innarbeida oss godt blant turoperatørane i India, seier han.Ifølgje Haldorsen, driv dei kontinuerlig oppussing og vedlikehald av hotellet. Driftselskapet Geiranger Hotelldrift har forvrig ein leigeavtale på hotelbygningane.
- Vi har ein god hotellstandard og vi føler at vi er blitt veldig konkurransedyktige, seier Haldorsen.
Eigarane
Aksjonærane i Geiranger Hotelldrift er Geiranger Fjord Hotels AS og Tore Sævil Haldorsen, Tore Kristian Haldorsen og Maud Katrin Overå Haldorsen. Bak førstnemnde selskap står mellom anna Marianne Giørtz, Harald Leite Giørtz og Anne Sofi Storeide.Vi har ein god hotellstandard og vi føler at vi er blitt veldig konkurransedyktige
Publisert: 26.04.2016 14:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56