Godt besoek paa tradisjonsrikt hotel
OPPSVING: Hjelle Hotel hadde sterk auke i antal hotellovernattingar i 2015.
Nytt

Godt besøk på tradisjonsrikt hotel

Hotellet er 120 år gamalt. 2015 vart eit godt år besøksmessig.

22.03.2016
Rominntektene på Hjelle hotel auka i sommarsesongen i fjor med 11 % i forhold til året før. Dette seier dagleg leiar og hovudaksjonær Lorentz Hjelle seg godt nøgd med.
Han overtok drifta av hotellet i 1996, eit hotell som har vore i familieeige sidan starten i 1896.

Færre cvuiselunsjar

Hjelle Hotel ligg på Hjelle i Oppstryn, i enden av Strynsvatnet. Hotellet har 18 rom, i tillegg til at ein har motellavdeling med 12 rom.
I 2015 omsette ein for 4,8 millionar kroner, mot 4,6 millionar året før.
Trass i at det var reduksjon i matservering og færre cruiselunsjar enn vanleg, gjekk inntektene opp.

Svak kronekurs

Styret skriv i årsmeldinga at ein trur den svake kronekursen var sterkt medverkande i auken i overnattingsdøgn.
Totalt var det i fjor 5.125 gjestedøgn i perioden mai til september, mot 4.772 året før. Auken var på sju prosent.
I 2015 har ein ferdigstilt ein del brannteknisk vedlikehald i dei gamle trebygningane.
Selskapet har ei samla gjeld på 1,9 millionar kroner, ned frå 2,3 millionar året før.
Lorentz Hjelle eig 84,8 prosent av selskapet, medan kona Emma Hjelle eig 8,8 prosent.

Publisert: 22.03.2016 15:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54