Dette seier regionansvarleg Arthur Almestad i Forskingsrådet i eit intervju med NETT NO-magasinet.
Han viser til at Europa treng jobbar og verda treng mat og energi.
- Vår region er godt rusta til å møte desse store samfunnsutfordringane
- Her er det fokus på å ta ut potensialet som ligg i havromet. Det gjeld alt frå geologien under havbotnen, til livet i havet og til farkostar og installasjonar oppe på havoverflata.
- Her er det eit enormt potensiale der vi har stor ekspertise om subseateknologi i den maritime klynga.
EU reknar med at i 2020 vil 5 prosent av all verdas mineralar verte henta ut frå førekomstar under havbotnen, og at dette vil stige til 10 % i 2030.
- Her er det enorme mulegheiter for utvikling av ny teknologi og nye typar havoperasjonar.
I dei store havområda som Norge forvaltar er det anslått at det er meir enn 10.000 artar som er lite undersøkte. Ein stor del av desse marine organismane kan ha unike eigenskaper som kan utnyttast og vere grunnlag for ulike produkt og prosessar innan fleire næringsområde som medisin, prosessindustri, mat, fôr, biobrensel og kosmetikk.
- Det er havet vi har levd av i vår region. Dette kan vi, og vi bør stille sterkt for å kunne vere i fremste rekkje for å utnytte meir av livet i havet, seier Almestad.
Og det skal i tillegg satsast på miljøvenleg energi frå havet.
- Midt i blinken for oss, mellom anna når det gjeld utnytting av bølgjekraft og utvikling av miljøeffektive skip, meiner Almestad.
- I tillegg til å vere med på å skape nye arbeidsplassar og få Europa ut av den økonomiske krisa, vil deltaking i forskingsprosjekt saman med europeiske bedrifter og forskingsmiljø vere med på å gi vår eigen region eit stort kunnskapsløft.
Han meiner at vår region har ein stor fordel i forhold til forskingsmiljøa som ligg i dei store universitetsbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.
- Vi er tett på naturressursane, og har i tillegg forskingsmiljø og høgskular som er svært tett på det verkelege livet og som arbeider tverrfaglig. Dette gir oss ein konkurransefordel som dei store universitetsbyane i Norge ikkje har.
I Horisont 2020 er det ei ekstra satsing på små og mellomstore bedrifter, noko som i EU-samanheng er bedrifter med under 250 tilsette.
- Også bra for oss, sjølv om også større bedrifter er hjarteleg velkomne til å ta del.
- Her er vi godt i gang med mange kjempespennande prosjekt innan den biomarine klynga Legasea. På dette feltet trengst det meir forskingskompetanse i bedriftene, og her kan forskingsrådet si ordning, Nærings PhD, der vi støttar forskarutdanning i bedrifter, vere eit godt virkemiddel.
Han meiner at bioteknologifaga ved Høgskulen i Ålesund er noko av den mest framtidsretta utdanninga som finst i regionen.
- Dei studentane som no studerer bioteknologi stiller svært sterkt i arbeidsmarknaden framover.
- Dette er nøkkelen for vidare vekst og utvikling. Vi har eit enormt spiskammers og energilager rett utanfor stovedøra. Men vi må verte flinkare til å ta i bruk heile havromet.
- 71 prosent av planeten består av hav, men vi har hittil utnytta mulegheitene i havromet for dårleg. No er tida inne til å ta eit stort sprang framover, til det beste for oss sjølve, for EU og resten av verda.
Han viser til at Europa treng jobbar og verda treng mat og energi.
- Vår region er godt rusta til å møte desse store samfunnsutfordringane
.
Møre og Romsdal er ein internasjonal "stormakt" når det gjeld å eksportere sjømat til heile verda, og er ein sterkt bidragsytar i å hente opp store olje- og gassressursar frå havdjupet, seier Almestad.Utnytte havromet
Blue Growth er eitt av fokusområda under storsatsinga Horisont 2020. Almestad meiner at spesielt Blue Growth-programmet bør interessere mange bedrifter og forskingsmiljø i regionen.- Her er det fokus på å ta ut potensialet som ligg i havromet. Det gjeld alt frå geologien under havbotnen, til livet i havet og til farkostar og installasjonar oppe på havoverflata.
Gruvedrift
Ein av strategiane innan "Blue growth" er å verte dyktigare i å operere på djupne ned til 6000 meter, mellom anna for å gjere seg nytte av mineralførekomstar. Gruvedrift på havbotnen vil om ikkje mange år verte ein realitet.- Her er det eit enormt potensiale der vi har stor ekspertise om subseateknologi i den maritime klynga.
EU reknar med at i 2020 vil 5 prosent av all verdas mineralar verte henta ut frå førekomstar under havbotnen, og at dette vil stige til 10 % i 2030.
- Her er det enorme mulegheiter for utvikling av ny teknologi og nye typar havoperasjonar.
10.000 lite kjende artar
Det er eit mål i satsinga å gjere seg nytte av alt levande i havet på ein berekraftig måte. Dette gjeld ikkje berre fisk og skaldyr, men også andre marine organismar.I dei store havområda som Norge forvaltar er det anslått at det er meir enn 10.000 artar som er lite undersøkte. Ein stor del av desse marine organismane kan ha unike eigenskaper som kan utnyttast og vere grunnlag for ulike produkt og prosessar innan fleire næringsområde som medisin, prosessindustri, mat, fôr, biobrensel og kosmetikk.
- Det er havet vi har levd av i vår region. Dette kan vi, og vi bør stille sterkt for å kunne vere i fremste rekkje for å utnytte meir av livet i havet, seier Almestad.
Og det skal i tillegg satsast på miljøvenleg energi frå havet.
- Midt i blinken for oss, mellom anna når det gjeld utnytting av bølgjekraft og utvikling av miljøeffektive skip, meiner Almestad.
Gir kunnskapsløft
Verda skrik både etter meir energi og meir sunn og trygg mat, og Almestad meiner at Blue Growth-programmet gir unike mulegheiter for regionale bedrifter og forskingsmiljø til å finne saman, og vere med å konkurrere om EU-midlane.- I tillegg til å vere med på å skape nye arbeidsplassar og få Europa ut av den økonomiske krisa, vil deltaking i forskingsprosjekt saman med europeiske bedrifter og forskingsmiljø vere med på å gi vår eigen region eit stort kunnskapsløft.
Han meiner at vår region har ein stor fordel i forhold til forskingsmiljøa som ligg i dei store universitetsbyane Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø.
- Vi er tett på naturressursane, og har i tillegg forskingsmiljø og høgskular som er svært tett på det verkelege livet og som arbeider tverrfaglig. Dette gir oss ein konkurransefordel som dei store universitetsbyane i Norge ikkje har.
I Horisont 2020 er det ei ekstra satsing på små og mellomstore bedrifter, noko som i EU-samanheng er bedrifter med under 250 tilsette.
- Også bra for oss, sjølv om også større bedrifter er hjarteleg velkomne til å ta del.
Utdanning for framtida
Almestad meiner at det er mykje å hente gjennom ei sterk satsing på marin bioteknologi.- Her er vi godt i gang med mange kjempespennande prosjekt innan den biomarine klynga Legasea. På dette feltet trengst det meir forskingskompetanse i bedriftene, og her kan forskingsrådet si ordning, Nærings PhD, der vi støttar forskarutdanning i bedrifter, vere eit godt virkemiddel.
Han meiner at bioteknologifaga ved Høgskulen i Ålesund er noko av den mest framtidsretta utdanninga som finst i regionen.
- Dei studentane som no studerer bioteknologi stiller svært sterkt i arbeidsmarknaden framover.
Enormt matkammer
Almestad trur at folket på kysten av Møre og Romsdal i land tid framover kjem til å leve av havet, men at dette føreset ei fortsatt sterkt fokus på ny kunnskap. Ikkje minst vert det meir behov for forskingsbasert kompetanse som kan spele på lag med den unike operasjonelle og erfaringsbaserte kompetansen i regionen.- Dette er nøkkelen for vidare vekst og utvikling. Vi har eit enormt spiskammers og energilager rett utanfor stovedøra. Men vi må verte flinkare til å ta i bruk heile havromet.
- 71 prosent av planeten består av hav, men vi har hittil utnytta mulegheitene i havromet for dårleg. No er tida inne til å ta eit stort sprang framover, til det beste for oss sjølve, for EU og resten av verda.
Dei studentane som no studerer bioteknologi stiller svært sterkt i arbeidsmarknaden framover
Publisert: 19.05.2016 19:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32