Ole Peter Brandal Arild Aasmyr foto Marius 3
HAREID: Ole-Peter Brandal (t.h.) er toppsjef i det samanslåtte reiarlaget Trident Aqua Services. Han har med seg Arild Aasmyr som har leia FSV Group, i leiargruppa for det samanslåtte reiarlaget. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt stort reiarlag treng minst 120 nye tilsette

Hareid blir knutepunkt for brønnbåtverksemda.

Marius Rosbach
23.05.2025

Trident Aqua Services er namnet på den nye reiarkjempa på Nordvestlandet. Med ein flåte i vekst og naturleg avgang blant dei kring 1000 tilsette, har dei behov for å rekruttere betydeleg fleire i løpet av det neste året. 

– Med alle nybygga og naturleg avgang for folk på båtane og organisasjonen elles, skal vi rekruttere mellom 120 og 130 nye tilsette, fortel Ole-Peter Brandal til Nett No.

Han leiar no reiarlaget som oppstod etter at tre selskap i regionen fann saman. 

Hareid-baserte Intership og Aquaship i Kristiansund fann kvarandre først i 2023. Mot slutten av fjoråret vart det kjent at også FSV Group frå Molde blir med på laget

Anne Cecilie Ness Brandal Anja Bendal Trident hareid foto Marius
NYE I REIARLAGET: Ann Cecilie Ness Brandal (t.v.) og Anja Bendal er mellom dei som nyleg har starta i reiarlaget. Begge jobbar som mannskapskoordinatorar på Hareid-kontoret. Foto: Marius Rosbach

Har dobla Hareid-bemanninga på få år
I desse dagar er det nye reiarlaget opptekne med «sy saman» dei ulike selskapa til ei eining. Samtidig går rekrutteringa på høggir.

Sidan Intership flytta inn i bygget til Hareid Group i 2021, er organisasjonen ved reiarkontoret på Raffelneset meir enn dobla. I dag jobbar det kring 30 medarbeidarar her. 

– Spesielt det siste året har vi hatt sterk vekst i organisasjonen. Og vi håpar å kunne vekse vidare her i bygda, seier Brandal. 

Reiarsjefen fortel at dei har behov for meir areal, og at dei har moglegheit til å utvide der dei er i dag. 

Spesielt det siste året har vi hatt sterk vekst i organisasjonen. Og vi håpar å kunne vekse vidare her i bygda
Ole-Peter Brandal

Kan rekruttere frå større område
Ettersom Intership er desidert størst på brønnbåtmarknaden i Trident-reiarlaget, vil Hareid vere det naturlege knutepunktet for denne verksemda. 

– Herifrå opererer vi alle brønnbåtane i Nordsjøområdet, Storbritannia og Canada, fortel Brandal. 

Reiarlaget har óg 20 landtilsette i Molde og 15 i Kristiansund. Brandal påpeiker at ein fordel med kontor i ulike delar av regionen, er at dei får eit breiare område å rekruttere frå. 

Intership Inter Scotia Kjetil Opshaug Ole Peter Brandal foto Intership
VIL HA STØRRE FLÅTE: Det samanslåtte reiarlaget har ambisjonar om å få ein større flåte. Her er Ole-Peter Brandal (t.h.) saman med operasjonssjef Kjetil Opshaug med ein av deira nyaste brønnbåtar Inter Scotia. Foto: Intership

Hadde plan om å trappe ned
Reiarsjefen hadde eigentleg ein plan om å trappe ned etter fleire tiår som toppleiar. 

I staden sa Brandal seg villig til å ta leiarjobben etter at Intership og Aquaship fann kvarandre via det amerikanske fondet American Industrial Partners. 

No har han leia selskapet i eitt år og har ikkje angra eitt sekund. Undervegs har FSV Group kome om bord

– Det har vore eit fantastisk år. Vi har klart å integrere oss på ein fin måte med fordelinga mellom Kristiansund og Hareid. Og med kjøpet av FSV Group i Molde fall ei viktig brikke på plass, seier han. 

Sju båtar under bygging
Til saman har Trident Aqua Services kring 60 båtar og dekker heile spekteret som havbruksnæringa har behov for. Brandal peiker på at FSV Group med sin flåte av servicebåtar, utfyller dei andre delane av reiarlaget godt.   

– Vi har kundeforhold til alle av dei 10-15 største aktørane i verda, og dei går på kryss av dei ulike båttypane. Vi ser også bra tilgang på nye kundar, seier Brandal til. 

Fleire båtar blir det også. For augneblinken har dei tre brønnbåtar under bygging ved verft i Tyrkia og Spania. I tillegg skal Sletta Verft på Nordmøre levere fire nye servicebåtar. 

Bygginga av nye båtar er hovudårsaka til behovet for fleire tilsette framover. På kvar brønnbåt er det typisk behov for kring 20 sjøfolk, medan servicebåtane treng 8-10 personar om bord. 

Ole Peter Brandal Arild Aasmyr foto Marius 1
NEST STØRST: Ole-Peter Brandal (t.v.), Arild Aasmyr og dei andre i Trident Aqua Services har ein flåte på 60 båtar. Det gjer reiarlaget til det nest største som tilbyr fartøy til havbruksnæringa. Foto: Marius Rosbach

Er nest størst – og vil vekse meir
Trident er no den nest største aktøren som tilbyr båtar til oppdrettsbransjen, etter eit anna reiarlaget frå regionen - Sølvtrans i Ålesund. 

– Ja, svarar Brandal kontant på spørsmål om det er aktuelt å bestille fleire nybygg. 

– Det er vanskeleg å talfeste kor store vi bør bli, og det er heile tida ei løpande vurdering. Men etterspurnaden er framleis sterk. Samtidig har vi ein fordel ved å vere internasjonale og kan relokalisere båtar til ulike marknader, seier han.

Siktar mot to milliardar i omsetning
Då reiarlaget avslørte det nye namnet denne veka, opplyste dei samtidig at dei sikta mot to milliardar i omsetning. 

Fusjonen mellom selskapa er ikkje formelt gjennomført, og først frå 2025 vil det kome eit konsolidert rekneskap for heile reiarlaget. 

I 2024 omsette selskapa samla for kring 1,8 milliardar, ifølgje pressemeldinga tidlegare i veka. 

Publisert: 23.05.2025 08:45

Sist oppdatert: 23.05.2025 08:55

Mer om