Dystre spådommar frå då havforskarane byrja å slå alarm for tilstanden for torskebestanden er gjort grundig til skamme.
Det viser tala som Nett No kan presentere i resultatoversikten frå 2024 for fiskebåtreiarlaga.
Samla hadde fiskeflåtene på Nordvestlandet eit resultat før skatt i prosent av driftsinntektene (resultatmargin) på 18,4 prosent i fjor. Det er opp frå 13,6 prosent året før - og den beste lønsemda relativt sett sidan 2021.
- Sjå resultatoversikt under saka
Runar Debess, som er ansvarleg for fiskeribransjen i Sparebanken Møre, har gått djupare inn i tala og sett på korleis det har gått for dei ulike delane av flåten.
Betra lønsemd for kvitfisk i fjor
24 av reiarlaga fiskar kvitfisk, som omfattar torsk og liknande fiskeslag. Det er desse som skulle fått smellen av at torskekvotane blei redusert med 45 prosent frå toppåret 2021 til 2024.
Resultatmarginen for denne gruppa vart rett nok meir enn halvert frå 2021 til 2023, men i fjor steig den igjen, til 10,7 prosent.
I kroner betydde det 667 millionar i pluss, av inntekter på 6,2 milliarder kroner.
Makrelljubel
Dei 24 reiarlaga som er med i oversikten er delt i to. 10 er trålarar og 14 driv med såkalla konvensjonell reiskap, som line og garn.
Begge grupper betrar lønsemda - den konvensjonelle gruppa til ein resultatmarging på 4,4 prosent - og trålarane til 14 prosent.
For fiskeflåten som fiskar pelagiske fiskeslag, som sild, makrell, kolmule og liknande fiskeslag vart 2024 nok eit år i ei lang rekke med ei inntening som storparten av næringslivet berre kan drøyme om.

Pelagiske fiskeslag er fisk som lever og blir fiska i dei frie vassmassane, i motsetning til torsken, som er ein botnfisk.
21 av fartøya i Nett No si oversikt driv pelagisk fiske. I fjor hadde dei 2,8 milliardar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 1,1 milliardar kroner.
Det tilsvarar ein resultatmargin på solide 39,1 prosent.
Minus for dei minste
Den einaste gruppa som fekk det tøft i fjor er dei ti reiarlaga som driv såkalla kystbåtar, Det er mindre fartøy enn dei store havgåande fartøya, og driv gjerne eit meir variert fiske.
Også desse fartøya kan fiske til havs, men er ikkje bygd for å gå like langt og lenge.
I fjor fekk denne gruppa eit resultat før skatt på minus 12,1 millionar kroner, frå 440 millionar kroner i driftsinntekter.
- Sjå resultatoversikt under saka
Betre pris - stabile kostnader
Det er fleire årsaker til den gode lønsemda for bransjen, ifølgje Debess.
For kvitfiskflåten har auka pris på torsken delvis kompensert for mindre fangst. I tillegg har prisauke på torsk smitta over på liknande fiskeslag, som hyse og sei. Det hjelper også på.
For den pelagiske flåten er det høge kvotar og prisauke på makrell som er den viktigaste plussfaktoren.
Dessutan var drivstoffkostnadane stabile i fjor. Samstundes flata den generelle kostnadsveksten ut, etter nokre år med kraftig kostnadsvekst som starta under koronapandemien.
Ligg an til eit godt 2025
Reiarane har tilpassa seg marknaden og ressurssituasjonen - og 2025 ligg an til å bli omlag som 2024, seier Debess.
Det er framleis gode prisar og stabilitet på kostnadssida.
Spenninga no er knytt til utviklinga for makrellkvotane, kor stort kutt det blir i torskekvotane for neste år - og ikkje minst om samarbeidet med Russland om forvaltninga av den felles torskestammen i Barentshavet vil halde fram.

Trugslar frå Russland
Russland har truga med alvorlege konsekvensar for samarbeidet om Noreg og EU ikkje opphevar sanksjonane mot to russiske fiskeriselskap.
Bransjeorganisasjonen Fiskebåt har rådd alle norske fiskebåtar om å halde seg unna russisk farvatn i Barentshavet inntil vidare.
Sjølv om fiskeflåten samla sett har takla dei store kutta i torskekvoten godt, er det skilnadar mellom fiskebåtreiarlaga, spesielt om det nyleg er gjort store lånefinansierte investeringar.
– Vi er ikkje bekymra, men vi følgje godt med. Vi er nok meir på alerten enn for nokre år sidan, seier Debess.
| FISKEBÅTREIARLAGA PÅ NORDVESTLANDET | |||||
| Tal i mill. kroner | |||||
| (K) =Konsern | |||||
| Driftsinntekt | Res.f.skatt | Res.margin i % | |||
| Selskap | 2024 | 2023 | 2024 | 2023 | 2024 |
| LERØY HAVFISK AS (K) | 1803,9 | 2115,4 | 258,4 | 386,1 | 14,3 % |
| ERVIK HAVFISKE HOLDING AS (K) | 744,8 | 706,7 | -100,6 | -0,5 | -13,5 % |
| NORDIC WILDFISH HOLDING AS (K) | 337,0 | 399,6 | -39,1 | -93,6 | -11,6 % |
| VEIBUST FISKERISELSKAP AS (K) | 335,1 | 299,2 | 124,2 | 70,7 | 37,1 % |
| ROSUND HOLDING AS (K) | 327,7 | 318,8 | 47,0 | 52,3 | 14,3 % |
| THR HOLDING 1 AS (BLUEWILD-KONSERNET) | 287,6 | 270,0 | -33,2 | -68,1 | -11,5 % |
| STRAND HAVFISKE AS (K) | 259,9 | 221,7 | 189,6 | 114,6 | 73,0 % |
| RAMOEN AS | 249,9 | 286,5 | 41,9 | 66,3 | 16,8 % |
| ROGNE AS | 238,4 | 125,1 | 163,3 | 50,0 | 68,5 % |
| KORALHAV AS | 231,9 | 113,8 | 157,9 | -26,6 | 68,1 % |
| NYE GISKE HAVFISKE AS | 228,8 | 222,4 | 49,5 | 58,2 | 21,6 % |
| REMØY HAVFISKE HOLDING (K) | 227,8 | 223,6 | 9,6 | 0,5 | 4,2 % |
| HERØYHAV AS | 227,1 | 118,5 | 129,5 | 15,8 | 57,0 % |
| NORDNES AS (K) | 221,1 | 183,3 | 24,2 | -2,6 | 10,9 % |
| TEIGE REDERI AS | 203,4 | 155,8 | 50,9 | 14,8 | 25,0 % |
| KINGS-BAY AS | 187,3 | 164,4 | 89,4 | 72,9 | 47,7 % |
| NYE SMARAGD | 171,1 | 144,7 | 82,6 | 62,3 | 48,3 % |
| LORAN AS (K) | 170,9 | 171,4 | 15,2 | 4,7 | 8,9 % |
| GUNNAR LANGVA AS | 164,7 | 131,1 | 76,0 | 61,1 | 46,1 % |
| EROS AS | 162,5 | 150,6 | 114,3 | 121,5 | 70,3 % |
| ARCTIC SWAN AS | 153,6 | 172,0 | 26,5 | 2,4 | 17,3 % |
| CHRISTINA E AS | 145,8 | 125,8 | 7,5 | -10,2 | 5,1 % |
| TEIGENES AS | 129,9 | 120,9 | 30,9 | 4,9 | 23,8 % |
| ATLANTIC LONGLINE AS | 115,9 | 143,9 | -6,2 | 5,9 | -5,3 % |
| HAVBRYN AS | 114,1 | 132,8 | 53,1 | 34,8 | 46,5 % |
| H P HOLMESET AS obs | 108,5 | 120,9 | -3,8 | 1,1 | -3,5 % |
| FJELLMØY AS | 106,7 | 87,6 | 6,2 | 11,1 | 5,8 % |
| FINNØY FISKERISELSKAP AS | 104,7 | 94,8 | 10,3 | 5,7 | 9,8 % |
| AS SÆBJØRN | 103,3 | 99,3 | 59,3 | 52,5 | 57,4 % |
| LEINEBRIS AS | 102,3 | 89,5 | 0,5 | 1,1 | 0,5 % |
| GRYTAFJORD AS | 96,4 | 100,9 | 8,6 | -33,9 | 8,9 % |
| FISKESKJER AS | 96,3 | 89,5 | 42,3 | 32,3 | 43,9 % |
| O. HUSBY FISKEBÅTREDERI AS | 96,1 | 99,1 | 7,8 | 11,6 | 8,1 % |
| SEIR AS | 94,0 | 90,8 | 1,0 | -1,4 | 1,1 % |
| LEINEBJØRN AS | 93,0 | 85,3 | 39,9 | 33,5 | 42,9 % |
| ANDREA L AS | 89,9 | 95,0 | 8,0 | 27,4 | 8,9 % |
| FISKENES AS | 82,3 | 73,1 | 5,9 | -1,3 | 7,2 % |
| NYBONIA HAV AS | 78,3 | 86,8 | -7,0 | -4,3 | -8,9 % |
| NYBO HOLDING AS | 74,8 | 56,5 | 10,0 | -19,7 | 13,4 % |
| TRAAL AS | 66,8 | 73,2 | -0,2 | 13,3 | -0,3 % |
| VESTFART AS | 64,4 | 49,6 | 9,3 | 13,1 | 14,4 % |
| HOVDEN SENIOR AS | 63,7 | 66,8 | 11,5 | 15,3 | 18,1 % |
| SKÅR SENIOR AS | 62,4 | 59,3 | -14,7 | -11,6 | -23,6 % |
| GOLLENES AS | 59,7 | 63,7 | -0,1 | 3,3 | -0,2 % |
| SØRØYFISK AS | 57,8 | 97,5 | -23,4 | 13,5 | -40,5 % |
| HAVSNURP AS | 57,4 | 47,0 | 1,4 | 6,2 | 2,4 % |
| POLARBRIS AS | 46,1 | 81,8 | -7,6 | 5,1 | -16,5 % |
| BRØNNØY HAVFISKE | 39,3 | 48,2 | 48,2 | 9,5 | 122,6 % |
| STOREGG AS | 39,2 | 37,3 | 9,3 | 6,3 | 23,7 % |
| BERGTUN FISKERISELSKAP AS | 37,7 | 44,5 | -2,4 | 1,0 | -6,4 % |
| TOPAS KYSTFISKE AS | 32,4 | 163,4 | -25,2 | 103,4 | -77,8 % |
| REBEKKA L AS (Victoria May) | 22,9 | 18,8 | -5,9 | -7,8 | -25,8 % |
| KATO FANGST AS | 20,3 | 34,8 | -2,6 | 0,4 | -12,8 % |
| MIDSUND FISKERBÅTREDERI AS | 16,0 | 25,0 | -2,1 | 1,4 | -13,1 % |
| HAVSTJERNA AS | 13,5 | 27,0 | -6,3 | -1,7 | -46,7 % |
| SUM | 9466,4 | 9425,0 | 1740,6 | 1284,6 | 18,4 % |
Publisert: 02.09.2025 12:18
Sist oppdatert: 10.11.2025 18:15






