Kristian stian dronnen vegsund slip 22
REKORDGLIS: Kristian (t.v.) og Stian Drønnen er tredje generasjon som leiar Vegsund Slip. Fjorårets resultat er det beste nokon sinne for bedrifta som feirar 70 år i 2027. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Auka inntekt og betra lønsemd for verfta

Sula-verft hadde best lønsemd av alle. 15 av 26 verft tente meir pengar i 2024 enn året før.

01.09.2025

Nett No-barometeret:

15 av de 26 verfta i Nett No si resultatoversikt betra resultatet frå 2023 til 2024 - og bransjen samla auka både inntektene og lønsemda. 

Lønsemda i skipsbygging er imidlertid framleis beskjeden i høve til verdiane det handlar og talet på sysselsette.

I fjor var resultatmarginen - resultat før skatt i prosent av driftsinntekt - 2,5 prosent i gjennomsnitt. Det er opp frå 1,6 prosent året før.

Sjå resultat-tabell for bransjen under saka 

Vegsund på topp
Det mest lønsame verftet var Vegsund Slip i Sula kommune, som hadde ein resultatmargin på 17,5  prosent. Hutigbåtverftet Fjellstrand sin resutlatmargin var 11,5 prosent.

Det er dei einaste verfta med tosifra resultatmargin. I tillegg hadde seks verft ein resultatmargin på over seks prosent, mellom dei Ulstein Verft med 6,4 prosent.

Vegsund slip mai 2025 foto marius
BEST LØNSEMD: Vegsund Slip har satsa på reparasjon, ombygging og vedlikehald. Sula-verftet hadde best lønsemd av verfta i fjor med ein resultatmargin på 17,5 prosent. Foto: Marius Rosbach

Minusresultat  hos Fiskerstrand Verft og Westcon trekte ned i samandraget. Det gjorde også reduksjonen av overskotet til Aas Mek. Verksted.

Hurtigbåtverftet Brødrene Aa gjekk konkurs i vår, og kom aldri dit at 2024-rekneskapen vart levert til Brønnøysundregisteret. Per i dag er det starta ny drift ved selskapet si avdeling i Eikefjord, og inngått ein intensjonsavtale om ny drift også ved hovudanlegget i Hyen.

Oppdrag for sju miliardar kroner
Hittil i år har norske skipsverft offentleggjort 13 nybyggingskontraktar til ein samla verdi på i overkant av sju milliardar kroner, ifølgje bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.

I 2024 var ordreinngangen på 20 milliardar kroner fordelt på 34 fartøy.

Norske Skipsverft registrerer kontraktar på meir ein 50 millioner kroner. Ordreinngangen i år spenner frå ringvaskeflåte ved Sletta Verft, til brønnbåt fra Aas Mek. Verksted. I verdi er fire kontraheringar ved Vard dei desidert største. 

Per i dag er ordreboka for dei  norske skipsverfta på i overkant av 46 milliardar kroner, fordelt på 63 fartøy.

  • Les resultatsaker for fleire verft under tabellen
Norske skipsverft     
Tal i mill.kroner     
      
Selskap Driftsinntekt Res.f. skattRes.f.skatt i prosent av driftsinntekt
  20242023202420232024
       
Vard Group 10237,35727,0207,1-87,92,0 %
Ulstein Verft 2759,21191,2177,229,76,4 %
Westcon Yards Ølen2262,41895,8-65,50,4-2,9 %
Larsnes Mek. Verksted705,2703,447,718,96,8 %
Fitjar Mek. Verksted620,6576,110,28,51,6 %
Green Yard Kleven552,7275,813,310,52,4 %
Aas. Mek Verksted521,8989,434,6215,76,6 %
Sletta Verft 406,2427,2-2,50,8-0,6 %
Båtbygg 377,6334,823,313,06,2 %
Fiskerstrand Verft368,3370,0-27,25,7-7,4 %
Havyard Leirvik294,5134,6-14,1-24,1-4,8 %
Bømlo Skipsservice263,9139,13,7-23,11,4 %
Fjellstrand 240,3121,727,75,511,5 %
Moen Verft (Moen Marin Service)229,0190,8-1,38,3-0,6 %
Vegsund Slip223,8147,339,214,117,5 %
Salthammer Båtbyggeri192,0190,85,72,23,0 %
Stadyard 184,0177,17,53,74,1 %
Oma Baatbyggeri165,4226,16,311,33,8 %
Westcon Yard Florø as164,3127,50,90,80,5 %
Vaagland Båtbyggeri147,852,813,0-1,98,8 %
Solstrand Verft82,976,3-1,94,5-2,3 %
Solund Verft 59,358,74,12,86,9 %
Måløy Verft 53,762,52,8-3,35,2 %
Viknaslipen 51,349,30,2-0,50,4 %
Brødrene Aa (konkurs) 465,7 5,5 
Myklebust Verft* 420,5 22,4 
       
SUM 21163,515131,5512,0243,52,4 %
       
*Myklebust Verft hadde ikkje offentleg tilgjengleg rekneskap for 2024 ved publisering av denne artikkelen.       
       
  • Les resultatsaker for verft under

Publisert: 01.09.2025 15:46

Sist oppdatert: 01.09.2025 16:41

Mer om