Energy passion golden energy foto Golden energy offshore 11
SKAL SELJE SKIP: Golden Energy Offshore planlegg sal av minst to av sine ni skip som ein del av arbeidet med å sikre selskapet nok pengar i kassa.
Nytt

Golden Energy-emisjon i mål

Har sikra seg 320 millionar kroner i ny eigenkapital.

13.12.2025

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålkesund sende fredag morgon ut ei melding om at selskapet ville hente inn 320 millionar kroner i ny eigenkapital.

Like før midnatt i går var emisjonen fullteikna skriv selskapet i ei børsmelding.

Selskapet skriv ut 40 millioner nye aksjar til åtte kroner aksjen. Frå før er eigarskapen fordelt på 25 millionar aksjer. Det betyr at aksjonærar som ikkje var med på kapitalutvidinga i går får sin eigarandel redusert.

Selskapet vil gjennomføre ein såkalla reparasjonsemisjon på 45 millionar kroner der aksjonærar som ikkje var med på emisjonen i går får høve til å delta.

Nesten halvparten
Clear Ocean GEOS MI LP, som før kapitalutvidinga eig 39 prosent av selskapet teikna seg for knappe halvparten av emisjonen. 

Pelagic Investment Fund RAIF V.C.I.C. PLC er nest største eigar med 23 prosent eigarandel før emisjonen. Det selskapet teiknar seg for 27 prosent av emisjonen.

Dagleg leiar Per Ivar Fagervoll teiknar seg for 1.981.264 aksjar.

Betale krav
Offshoremarknanden har ikkje utvikla seg slik Golden Energy Offshore Services har venta, og emisjonen er gjennomført for å kome ut av ein vanskeleg likviditetssituasjon. 

Storparten av emsjonen går med til å betale krav og innfri kortsiktige lån. 

Det er også planen å selje minst to skip. 

Slik skal selskapet bruke pengane frå emisjonen; betale leverandørgjeld på omlag åtte millionar dollar, betale løn, bonus, feriepengar og arbeidsgivaravgift på to millionar dollar, betale likviditetslån frå KJA Partners på 7,5 millionar doller, betale i attende fire kortsiktige lån på i alt 6,8 million dollar (av dei 1,2 millionar dollar frå dagleg leiar Per Ivar Fagervoll), betale to millioner dollar for å dekke juridiske og finansielle transasjonskostnader og sikre omlag 5,4 millionar dollar til generelle føremål.

Publisert: 13.12.2025 08:54

Sist oppdatert: 13.12.2025 09:28

Mer om