Golden Energy montasje Energy Passion Per Ivar Fagervoll foto Golden Energy Offshore Services
Golden Energy Offshore Services-direktør Per Ivar Fagervoll håpar å kome i mål med kapitalinnhenting i løpet av fredagen. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Golden Energy skal hente 320 millionar

Vil også selje minst to skip for å fylle en slunken kasse.

12.12.2025

Målet er vere i mål med aksjeteikninga innan børsen stenger fredag ettermiddag, skriv Golden Energy Offshore Services i ei børsmelding.

Kapitalutvidinga betyr mellom anna også ei kraftig utvatning av av eksisterande aksjonærar som ikkje blir med. 40 millionar nye aksjar utstedast. Frå før er eigarskapen fordelt på 25 millionar aksjar.

  • Sjå aksjonæroversikt under saka

Slunken kasse
Offshorereiarlaget i Ålesund melde i kvartalsrapporten per 3. kvartal om ei slunken kasse og at selskapet hadde behov for å styrke likviditeten.

Styret jobbar med ulike alternativ for å betre økonomien vidare i lys av ein svakare marknad, blei det opplyst. Kva alternativ som styret gjekk for, fortel selskapet i dagens børsmelding: 

  • 1. desember i år tok Golden Energy Offshore Services opp eit kortsiktig lån på fem millionar dollar. 
     
  • No blir investorar inviterte til å gå inn med i alt 320 millionar kroner. Aksjekursen er sett til åtte kroner aksjen. Då børsen stengte torsdag ettermiddag var kursen 9,80 kroner aksjen. Då selskapet vart børsnotert i april 2018 var kursen 114 kroner aksjen. 

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Skip til sals
I tillegg til kortsiktig lån og kapitalutviding vil Golden Energy Offshore Services også selje minst to skip.

Dei seljast «i nær framtid, avhengig av tilhøva i marknaden», heiter det i børsmeldinga.

Selskapet har i dag ni fartøy i flåten, to konstruksjonsskip, fem forsyningsskip (PSV) og to forsyningsskip som også kan brukast til andre oppdrag.

Kan bli meir
Marknaden for offshoreskip har ikkje utvikla seg slik blant andre Golden Energy Offshore Services hadde venta seg. 

I børsmeldinga tek selskapet høgde for at det kan treng ytterlegare påfyll: 

«Sjølv om den planlagde retta emisjonen er venta å styrkje konsernet sin likviditet i svakare marknader, er det framleis uvisse knytt til tidspunktet og omfanget av dei venta betre marknadstilhøva. Det kan difor bli nødvendig med ytterlegare tiltak for å styrkje konsernet si likviditet og finansielle stilling i framtida», heiter det i børsmeldinga.

Dei største aksjonærane  
Per 1.desember 2025Eigarandel i prosent
  
Clear Ocean Geos MI LP39,0 %
Clearstream  Banking S.A.23,7 %
State Street Bank and Trust Comp10,3 %
Goldman Sachs & Co. LLC7,1 %
JPMorgan Chase Bank, N.A., London4,6 %
Gemsco 1,6 %
Per Ivar Fagervoll (dagleg leiar) 1,4 %
Citibank N.A.1,2 %
Heggelund 1,2 %
  
Kjelde: Prospeket til kapitalutvidinga 

Publisert: 12.12.2025 08:34

Sist oppdatert: 12.12.2025 10:26

Mer om