Golden-finansiering på plass
Golden Energy Offshore Services har fått tilbod om langsiktig finansiering. Kan overta skip.
Offshorereiarlaget i Ålesund har lenge arbeidd for å overta eigarskapet i offshorefartøya Energy Duchess og Energy Empress, som i dag er leigd frå det kinesiske verftet ROC gjennom ein leasingavtale.
I ei børsmelding i dag melder Golden Energy Offshore Services at selskapet har fått eit tilbod om 45 millionar dollar - 450 millonar kroner - i lån, frå ein ikkje namngitt långivar.
Avtalen gjer det råd for selskapet å overta dei to skipa.
Lånet er på fem år og kan utvidast med ytterlegare 35 millionar dollar.
Avtalen er førebels ikkje bindande og skal mellom anna opp i ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet. Avtalen opnar og for at långivaren kan få høve til å få teikningsrettar som kan føre til at långivaren blir eigar av halve selskapet.
Golden Energy Offshore Services skal betale to millionar dollar per skip på forskot innan 28. juni.
15. juli eller seinare, når finansieringa er på plass og det er klart for ein juridisk overføring av eigarskapet skal det betalast 14,75 millionar dollar per skip, ifølgje ei børsmelding selskapet sende ut i går.
Publisert: 23.06.2022 10:06
Sist oppdatert: 23.06.2022 13:05