Gruendereventyr velta etter Qatar strid
SATSA I NORDSJØEN: Det er meldt oppbod til Sunnmøre tingrett i alle West Oil Tools-selskapa etter strid med eit Qatar-selskap. Ålesund-firmaet satsa mellom anna på ei metode for enklare plugging av oljebrønnar. 
Nytt

Gründereventyr velta etter Qatar-strid

For drygt tre år sidan sto dei på terskelen til å hente inn hundrevis av millionar. No er det meldt oppbod i alle West Oil Tools-selskapa etter krangel om riggbetaling.

Marius Rosbach
24.05.2019

Kontrastane frå desember 2015 til våren 2019 er store for West Oil Tools-satsinga. For tre og eit halvt år sidan omtalte NETT NO korleis selskapet inviterte investorar til å satse eit tresifra millionbeløp.

Det Ålesund-baserte gründerselskapet skulle gjere forretning av å tilby teknologi for plugging av brønner og auke produksjonen, på ein enklare måte og til ein lågare pris enn dagens metode.

I staden for å gå vidare på eit lovande samarbeid dei hadde innleia med gigantane i Halliburton og Exxonmobil, enda eventyret opp med strid og søksmål. No er det meldt oppbod i alle West Oil Tools-selskapa.

nettnohalf

– Vi har forsøkt å gjere opp all gjeld og dette er i hovudsak tomme selskap. Vi har klart å få ut noko midlar gjennom eit forlik med Halul, seier gründer Bjørn Bjerke til NETT NO.

Alle kontraktar og tilsette vart flytta over i eit nytt selskap, Petro Well Services, allereie i 2016.

Fem selskap
I starten av april vart det opna konkurs i selskapet West Oil Tools AS. Førebels har det vore ei skiftesamling i denne konkursbehandlinga.

I førre veke opna Sunnmøre tingrett også konkurs i dei fire dotterselskapa: West Oil Tools Well Services, West Oil Tools Well Intervention og West Oil Tools Field Development, i tillegg til Plug & Abandonment Services.

Bustyrar for alle sakene er advokat Axel Villads Lange. I den førebelse beretninga for West Oil Tools skriv bustyraren at han reknar med bubehandlinga er ferdig i løpet av sommaren. Han påpeiker at selskapet sidan sommaren 2016, ikkje har hatt reell verksemd og vore utan aktiva.

Krangel om riggbetaling
Bakgrunnen for konkursane er å finne i striden etter sal av ein rigg, som ålesundaren Gilles Gillesen opphaveleg investerte i etter Ship Equip-gevinsten i 2011.

Riggen skulle seljast til ein av Ålesund-firmaet sine samarbeidspartnarar, Dag Dvergsten, og Qatar-selskapet Halul Offshore Service Company. Men Dvergsten og Qatar-selskapet rauk uklare i samarbeidet. Halul gjekk i ettertid rettens veg for å få erstatning.

– Dette vart opptakta til ein rekke tvister, der det i byrjinga av mars 2019, vart klart at den siste «puslespelbrikken» ikkje kom på plass, skriv bustyrar i rapporten til tingretten.

Problema for Ålesund-firmaet oppstod etter at Dvergsten fekk økonomiske problem. Dette skal ha smitta over på West Oil Tools, som formell seljar av riggen.

Inntektene skaut i veret
Avtalen om riggen var det første riggsalet for West Oil Tools og gjorde at inntektene i 2014 skaut i veret til meir enn 240 millionar. I åra etterppå har det vore lite aktivitet i dette selskapet. Omsetnaden i åra 2015-2017 var på kring ti millionar og samla underskott før skatt enda på dryge seks millionar.

Dotterselskapet West Oil Tools Services dreiv med med bygginga av den delbare og flyttbare riggløysinga dei har utvikla, Field Development-selskapet jobba med industridesign, medan Plug & Abandonment- og Intervention-selskapa var konsulentselskap.

I Services- og Intervention-selskapa har det vore noko inntekt, medan dei andre i hovudsak har vore utan aktivitet dei siste åra.

Nytt søksmål i juni
I tidlegare runder i retten har Halul ikkje fått medhald, men dei har framleis ikkje gitt opp håpet om å få att noko av pengane.

Qatar-selskapet har levert eit nytt søksmål, mot Gilles Gillesen, som er beramma i Sunnmøre tingrett 12. til 18. juni.

Gillesen opplyste til Sunnmørsposten tidlegare i år at det er vanskeleg å sjå at det er grunnlag for erstatninga, og at tidlegare rettsinstansar har vore klare på at Halul ikkje har lidd noko tap.

Smartare stenging av oljebrønnar
West Oil Tools blei etabert i 2007 med grunnleggar Bjørn Bjerke som dagleg leiar. Før Qatar-problema starta hadde dei 30 tilsette som jobba med ei ny løysing for å stenge oljebrønnar.

Deira delbare og flyttbare rigg skulle utkonkurrere dyrare oppjekkbare riggar. Selskapet hadde også planar om å drifte sine eigne riggar og var difor på jakt etter kapital mot slutten av 2015.


Vi har forsøkt å gjere opp all gjeld og dette er i hovudsak tomme selskap. 

Publisert: 24.05.2019 10:58

Sist oppdatert: 19.05.2023 12:08