Nytt
Grimstad og Lødemel-effekt til seks millionar
Seks millionar kroner i ekstra forteneste etter politisk gjennomslag.
07.04.2017
- Det var sånn som det var før finanskrisa, seier småkraftutbyggar Trond Ryslett om resultatet etter 2016.
Han har administrasjonen for sitt eige og fire andre småkraftverk, med i alt 30 aksjonærarer, i Austefjorden og Bjørke i Volda og Ørsta. (Sundal Kraftverk, Heidelva Kraftverk, Kviven Kraft, Skjåstad Kraftverk og Vågen Kraft).
2016-tala viser eit solid oppsving i lønsemda. Til saman selde dei fem kraftverk-selskapa heimelaga kraft for 16,7 millionar kroner i 2016. Dei fekk eit overskot før skatt på 9,6 millionar kroner til saman, og eigarane tek ut eit utbytte på 5,9 millionar kroner. Etter 2015 var utbyttet 2,1 millionar kroner.
Problemet var at desse kraftverka vart bygd før ordninga med grøne sertifikat kom på plass i 2012. Ryslett seier det blei gitt politiske signal i 2004 om at også kraftverk som vart bygd før ei ordning med grøne sertifikat kom på plass skulle bli omfatta av ordninga. Poenget var å hindre at all småkraftutbygging stoppa, i påvente av ei avklaring om dei grøne sertifikata.
Etter at Høgre og Frp kom i regjering etter valet i 2013 brukte stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (H) og Oskar Grimstad (Frp) mykje tid på få den grøne sertifikatordninga til å omfatte også allereie bygde kraftverk. Bransjeorganisasjonen Småkraftforeningen har gitt dei to mykje av æra for at politikken blei lagt om.
- Denne avtalen er årleg verd 200 millionar kroner, og vil omfatte rundt 170 småkraftverk. Det vert i snitt over ein million kroner på kvar, sa styreleiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga til NETT NO i 2015.
At fire av dei fem kraftverka Ryslett administrerer frå og med 2016 er omfatta av den grøne sertifikatordninga utgjer ein ekstra forteneste på cirka seks millionar kroner, anslår han.
I tillegg får grunneigarane, som også er aksjonærar, 1,5 millionar kroner i leige for grunnen.
Når det blitt tatt stilling til om det skal byggast meir kjem an på når det blir avklart om det dei får tilgang til kraftnett, slik at dei kan få krafta ut i marknaden.
Lite snø i fjellet etter vinteren 2015/2016 gjorde at produksjonen i fjor vart 45,5 GWh, som er mindre enn gjennomsnittet. Det tilsvarar 6-7 prosent av produksjonen hos Tussa, i følgje Ryslett. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 52 GWh.
Han har administrasjonen for sitt eige og fire andre småkraftverk, med i alt 30 aksjonærarer, i Austefjorden og Bjørke i Volda og Ørsta. (Sundal Kraftverk, Heidelva Kraftverk, Kviven Kraft, Skjåstad Kraftverk og Vågen Kraft).
2016-tala viser eit solid oppsving i lønsemda. Til saman selde dei fem kraftverk-selskapa heimelaga kraft for 16,7 millionar kroner i 2016. Dei fekk eit overskot før skatt på 9,6 millionar kroner til saman, og eigarane tek ut eit utbytte på 5,9 millionar kroner. Etter 2015 var utbyttet 2,1 millionar kroner.
Politisk gevinst
Fire av dei fem kraftverka vart omfatta av ordninga med grøne sertifikat i 2016. Det er ei ordning som subsidierer utbygging av vasskraft og anna fornybar energi.Problemet var at desse kraftverka vart bygd før ordninga med grøne sertifikat kom på plass i 2012. Ryslett seier det blei gitt politiske signal i 2004 om at også kraftverk som vart bygd før ei ordning med grøne sertifikat kom på plass skulle bli omfatta av ordninga. Poenget var å hindre at all småkraftutbygging stoppa, i påvente av ei avklaring om dei grøne sertifikata.
Politisk kamp
Då grøne sertifikat kom viste det seg at oppfatninga om kva som skulle skje med kraftverka som alt var bygd ikkje var så samstemt som småkraftutbyggarane hadde trudd.Etter at Høgre og Frp kom i regjering etter valet i 2013 brukte stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (H) og Oskar Grimstad (Frp) mykje tid på få den grøne sertifikatordninga til å omfatte også allereie bygde kraftverk. Bransjeorganisasjonen Småkraftforeningen har gitt dei to mykje av æra for at politikken blei lagt om.
- Denne avtalen er årleg verd 200 millionar kroner, og vil omfatte rundt 170 småkraftverk. Det vert i snitt over ein million kroner på kvar, sa styreleiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga til NETT NO i 2015.
Seks millionar ekstra
Den grøne sertifikatordinga førte til auke i kraftutbygginga, som i neste omgang medverka til fall i kraftprisen. Kraftverk som sto utanfor fekk dermed eit markert fall i lønsemda, noko som mellom anna gjer at eigarane av Tussa og Tafjord i dag må nøye seg med mindre utbytte enn då kraftprisen var på topp.At fire av dei fem kraftverka Ryslett administrerer frå og med 2016 er omfatta av den grøne sertifikatordninga utgjer ein ekstra forteneste på cirka seks millionar kroner, anslår han.
I tillegg får grunneigarane, som også er aksjonærar, 1,5 millionar kroner i leige for grunnen.
Vurderer meir
Grunneigarane i Høydalen i Austefjorden, der Ryslett bur, vurderer i alt tre nye utbyggingar i dalen.Når det blitt tatt stilling til om det skal byggast meir kjem an på når det blir avklart om det dei får tilgang til kraftnett, slik at dei kan få krafta ut i marknaden.
Mindre kraft
Småkraftverka i Austefjorden og på Bjørke er basert på snøsmelting og regn. Dei er såkalla elvekraftverk, utan magasin.Lite snø i fjellet etter vinteren 2015/2016 gjorde at produksjonen i fjor vart 45,5 GWh, som er mindre enn gjennomsnittet. Det tilsvarar 6-7 prosent av produksjonen hos Tussa, i følgje Ryslett. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 52 GWh.
Publisert: 07.04.2017 10:44
Sist oppdatert: 02.02.2022 11:42