- Faktum er at den nyare norske norske offshoreflåten er den mest miljøvenlege flåten som eksisterer i verda i dag.
I ei rekkje artiklar og innspel har sentrale norske politikarar peikt på offshoreflåten når det er snakk om behovet for eit grønt skifte. Dette er Håvard Ulstein provosert over.
- Eg veit ikkje om dette skuldast at dei ikkje har fulgt med i timen, men sanninga er at dei siste ti åra har heile den norske offshorenæringa hatt fokus på å kutte utsleppa til både luft og vatn. Alle har investert store summar for å få dette til, og ein har også lukkast.
- I staden for å få kritikk, synst eg faktisk at vi fortener litt ros. Vi har nok utfordringar å slite med om dagen om vi ikkje også må slite med dette, seier han.
Vi møter Håvard Ulstein om bord i Island Crusader i Hjørungavåg. Den fem år gamle PSV-en er eitt av ti Island Offshore-skip som no ligg i opplag.
- Dette er ein av dei mest miljøvenlege båtane som er bygde. Denne båten burde vore i arbeid i Nordsjøen i staden for å liggje her, seier Ulstein.
I løpet av båten si levetid har båten gått 25.000 timar på LNG-generatorane og berre 5.000 timar på dieselgeneratorane.
- Dette skipet slepper ut svært lite NoX, null SoX, null partiklar og 25 % mindre CO2. Kundane får både i pose og sekk ved at drivstoffet er billegare, samt at miljøavgiftene vert lavare.
- Island Crusader kosta Island Offshore 60 millionar meir å byggje enn om det var eit skip med konvensjonell framdrift. Noko av dette har vi fått tilbake frå NoX-fondet, men langtfrå det vi har satsa. Likevel ligg skipet her i opplag, seier Ulstein.
Han viser spesielt til den internasjonale ESI-lista (Environmental Ship Index) – med ei miljørangering av 5.200 skip. Her er det norske skip som dominerer, med norske offshorefartøy på rekkje og rad i toppen.
- Denne lista er det mange politikarar som ville ha godt av å sjå, seier Ulstein.
- Der er også ei sunn konkurranse mellom fartøya internt i reiarlaga, samt mellom kvart reiarlag på å operere mest mogleg effektivt og miljøvenleg.
Håvard Ulstein viser også til at ruteplanlegging gjer at båtane går akkurat fort nok til å nå fram med varene til rett tid.
- Ein er blitt meir bevist på kva som krev energi frå kraftverket ombord og stenger ned det som ikkje trengst.
- Båtane har også blitt tettare, slik at det praktisk tala er ingenting anna enn kjølevatn som blir sleppt ut i sjøen. Det er også investert i system for oppsamling av sludge (bl. a. brukt smørolje, red. mrk) og dette blir levert til land for gjenvinning. Alternativet vil vere å brenne det.
Han synst også at det er merkeleg at ein ikkje har fått på plass mekanismer som gjer at dei miljøvenlege skipa vert premierte ved tildeling av nye oppdrag.
- Om myndigheitene skulle gjort noko konkret, burde ein starta her, slik at ein fekk fjerna dei miljøforureinande skipa og fått dagens miljøvenlege skip i drift.
- Vi har sjølve investert fleire hundre millionar i miljøtiltak på våre skip, men for heile den norske offshoreflåten er det snakk om milliardar.
- Den norske offshoreflåten er heilt i front på miljø, og det vert difor så feil når politikarar og andre skal vise til offshoreflåten som ein miljøsyndar.
- Det fortener vi slett ikkje.
I ei rekkje artiklar og innspel har sentrale norske politikarar peikt på offshoreflåten når det er snakk om behovet for eit grønt skifte. Dette er Håvard Ulstein provosert over.
- Eg veit ikkje om dette skuldast at dei ikkje har fulgt med i timen, men sanninga er at dei siste ti åra har heile den norske offshorenæringa hatt fokus på å kutte utsleppa til både luft og vatn. Alle har investert store summar for å få dette til, og ein har også lukkast.
- I staden for å få kritikk, synst eg faktisk at vi fortener litt ros. Vi har nok utfordringar å slite med om dagen om vi ikkje også må slite med dette, seier han.
Vi møter Håvard Ulstein om bord i Island Crusader i Hjørungavåg. Den fem år gamle PSV-en er eitt av ti Island Offshore-skip som no ligg i opplag.
- Dette er ein av dei mest miljøvenlege båtane som er bygde. Denne båten burde vore i arbeid i Nordsjøen i staden for å liggje her, seier Ulstein.
Lavutsleppsskip
Om bord er det mellom anna to store motorar som går på LNG – flytande naturgass.I løpet av båten si levetid har båten gått 25.000 timar på LNG-generatorane og berre 5.000 timar på dieselgeneratorane.
- Dette skipet slepper ut svært lite NoX, null SoX, null partiklar og 25 % mindre CO2. Kundane får både i pose og sekk ved at drivstoffet er billegare, samt at miljøavgiftene vert lavare.
- Island Crusader kosta Island Offshore 60 millionar meir å byggje enn om det var eit skip med konvensjonell framdrift. Noko av dette har vi fått tilbake frå NoX-fondet, men langtfrå det vi har satsa. Likevel ligg skipet her i opplag, seier Ulstein.
Toppar internasjonal liste
Kombinert med satsing på eksosreinsing, nye skrogformer, innslag av batteridrift og andre tiltak har dei nyare norske offshorefartøya vorte miljøvinnarar på havet – i staden for miljøtaparar, ifølgje Ulstein.Han viser spesielt til den internasjonale ESI-lista (Environmental Ship Index) – med ei miljørangering av 5.200 skip. Her er det norske skip som dominerer, med norske offshorefartøy på rekkje og rad i toppen.
- Denne lista er det mange politikarar som ville ha godt av å sjå, seier Ulstein.
Haldningsendring
Ulstein viser også til den haldningsendringa til miljø det har vorte mellom sjøfolka som driv båtane, noko som også har gitt store gevinstar.- Der er også ei sunn konkurranse mellom fartøya internt i reiarlaga, samt mellom kvart reiarlag på å operere mest mogleg effektivt og miljøvenleg.
Håvard Ulstein viser også til at ruteplanlegging gjer at båtane går akkurat fort nok til å nå fram med varene til rett tid.
- Ein er blitt meir bevist på kva som krev energi frå kraftverket ombord og stenger ned det som ikkje trengst.
- Båtane har også blitt tettare, slik at det praktisk tala er ingenting anna enn kjølevatn som blir sleppt ut i sjøen. Det er også investert i system for oppsamling av sludge (bl. a. brukt smørolje, red. mrk) og dette blir levert til land for gjenvinning. Alternativet vil vere å brenne det.
Bør premiere miljøskip
Ulstein seier at det framleis kan gjerast grep for å forbetre det miljømessige, men meiner at eventuelle nye tiltak vil koste mykje i forhold til effekten.Han synst også at det er merkeleg at ein ikkje har fått på plass mekanismer som gjer at dei miljøvenlege skipa vert premierte ved tildeling av nye oppdrag.
- Om myndigheitene skulle gjort noko konkret, burde ein starta her, slik at ein fekk fjerna dei miljøforureinande skipa og fått dagens miljøvenlege skip i drift.
Milliardsatsing på miljø
Ulstein seier at han ikkje snakkar på vegne av eige reiarlag, men på vegne av heile offshorenæringa.- Vi har sjølve investert fleire hundre millionar i miljøtiltak på våre skip, men for heile den norske offshoreflåten er det snakk om milliardar.
- Den norske offshoreflåten er heilt i front på miljø, og det vert difor så feil når politikarar og andre skal vise til offshoreflåten som ein miljøsyndar.
- Det fortener vi slett ikkje.
Den norske offshoreflåten er heilt i front på miljø, og det vert difor så feil når politikarar og andre skal vise til offshoreflåten som ein miljøsyndar
Publisert: 10.11.2016 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03