Nytt
Grøndahl: Børsnoterer for store investeringar
Å gjere store investeringar og samstundes kjøpe ut islandske Samherji ville blitt for tungt. Difor blir det børsnotering av Norsk Sjømat/Nergård-konsernet.
02.11.2020
Det er to hovudårsaker til at fiskeri- og fiskeindustrikonsernet Nergård i Nord-Noreg blir slått saman med lakseforedlingselskapet Norsk Sjømat og børsnotert, seier Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl: Selskapa står føre store investeringar og den islandske medeigaren, Samherji, i Nergård vil ut.
- Vi har ikkje kapital til å gjere begge deler. Det hadde blitt for tungt for oss, seier Grøndahl.
- Etter den blir det sannsynlegvis ein til, seier Grøndahl.
En ny filetfabrikk i Nord-Noreg er nyleg ferdig, og planen er å bygge ein fabrikk for behandling av restråstoff. I tillegg planlegg selskapet eit smoltanlegg i Stordal og oppdrett i Storfjorden.
Grøndahl seier Norsk Sjømat også skal bruke erfaringane frå produktutvikling av laks i ei liknande produktutvikling av villfanga fisk.
Alt dette krev kapital - og ein del av den kapitalen skal altså kome frå nye investorar.
No skal selskapa gjennom ein fleirtrinnsoperasjon; samanslåing, sal av Samherji sine aksjar i kombinasjon med ei kapitalinnhenting på 700-800 millionar kroner, og til slutt ei børsnotering. Målet er å ha børsnotering klar i midten av oktober, ifølgje ei melding til Oslo Børs.
Det samanslåtte selskapet skal heite Norsk Sjømat.
Kor stor andel dei som skyt inn nye pengar i Norsk Sjømat vil få, kjem an på interessa frå investorane. Grøndahl og Tunold skal uansett eige 54 prosent av aksjane, og er ikkje interessa stor nok, blir det inga kapitalutviding, ifølgje Grøndahl.
Ifølgje meklaranslag er Norsk Sjømat verdt opp mot fem milliardar kroner, i følgje Finansavisen.
I 2010 kjøpte dei seg inn i Nergård-konsernet, som no blir ein heileigd del av Norsk Sjømat.
- Vi har ikkje kapital til å gjere begge deler. Det hadde blitt for tungt for oss, seier Grøndahl.
Varslar ny båt
Nergård-konsernet har tidlegare i år fått overlevert ein ny trålar frå Vard og har ein til - til over 500 millionar kroner - under bygging.- Etter den blir det sannsynlegvis ein til, seier Grøndahl.
En ny filetfabrikk i Nord-Noreg er nyleg ferdig, og planen er å bygge ein fabrikk for behandling av restråstoff. I tillegg planlegg selskapet eit smoltanlegg i Stordal og oppdrett i Storfjorden.
Grøndahl seier Norsk Sjømat også skal bruke erfaringane frå produktutvikling av laks i ei liknande produktutvikling av villfanga fisk.
Alt dette krev kapital - og ein del av den kapitalen skal altså kome frå nye investorar.
Fem milliardar
Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold eig Norsk Sjømat Holding-konsernet på Stranda. Dei kontrollerer også tilsaman 60,1 prosent i Nergård-konsernet, med hovudkontor i Tromsø.No skal selskapa gjennom ein fleirtrinnsoperasjon; samanslåing, sal av Samherji sine aksjar i kombinasjon med ei kapitalinnhenting på 700-800 millionar kroner, og til slutt ei børsnotering. Målet er å ha børsnotering klar i midten av oktober, ifølgje ei melding til Oslo Børs.
Det samanslåtte selskapet skal heite Norsk Sjømat.
Kor stor andel dei som skyt inn nye pengar i Norsk Sjømat vil få, kjem an på interessa frå investorane. Grøndahl og Tunold skal uansett eige 54 prosent av aksjane, og er ikkje interessa stor nok, blir det inga kapitalutviding, ifølgje Grøndahl.
Ifølgje meklaranslag er Norsk Sjømat verdt opp mot fem milliardar kroner, i følgje Finansavisen.
Tidlegare Pan Fish-selskap
Per Magne Grøndahl starta Norsk Sjømat i 1996 og selde det til oppdrettselskapet Pan Fish i Ålesund to år etter. I 2003 kjøpte Grøndahl og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold selskapet tilbake.I 2010 kjøpte dei seg inn i Nergård-konsernet, som no blir ein heileigd del av Norsk Sjømat.
Les også:
Vi har ikkje kapital til å gjere begge deler. Det hadde blitt for tungt for oss
Publisert: 02.11.2020 09:05
Sist oppdatert: 12.05.2022 13:02