Nytt
Grønt lys for milliardsatsing på CO2-handtering
Skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegg ved Brevik til mottaksterminal på vestlandet.
21.09.2020
(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo og Johan Falnes): Regjeringa vil først realisere fangst og lagring av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik, men legg òg opp til å støtte fangst av CO2 ved Fortums anlegg.
– Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne. Med dette kuttar vi utsleppa, ikkje utviklinga, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).
Ho la fram planen saman med statsminister Erna Solberg (H), klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) måndag.
– Regjeringa foreslår først å realisere fangst av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik, skriv regjeringa i ei pressemelding.
– For at prosjektet skal bli ein klimasuksess for framtida, må òg andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at også andre skal bidra økonomisk, seier Solberg.
Planen, som regjeringa har valt å kalle Langskip, omfattar òg støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total.
Northern Lights skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derfrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.
Driftskostnader for ti års drift er anslått til 8 milliardar kroner. Eit samla kostnadsoverslag er dermed på 25,1 milliardar kroner, viss også Fortum blir bygd ut.
Prosjektet får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Den statlege delen av desse kostnadene er anslått til 16,8 milliardar kroner.
– Sjølv om vi ikkje fekk full finansiering no, er det positivt at regjeringa òg er villig til å bidra til prosjektet vårt med eit konkret og betydeleg beløp – 3 milliardar kroner, seier Fortum Oslo Varmes CCS-direktør Jannicke Gerner Bjerkås til NTB.
– Det betyr at vi får ei reell moglegheit til å realisere prosjektet, og den moglegheita skal vi gripe med begge hender. Vi vil no jobbe vidare for å skaffe resten av finansieringa primært via EU.
– For at verda skal nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, må vi fange og lagre CO2 i stort omfang, seier Rotevatn.
– Det er ikkje alle utslepp som kan kuttast med å ta i bruk fornybar energi. I fleire industriprosessar, som til dømes sementproduksjon, er CO2-fangst og -lagring den einaste teknologien som kan kutte utsleppa, seier han.
Det byrja i 2007 då dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) i nyttårstalen lanserte det han kalla «vår månelanding», eit fullskala anlegg for fangst og lagring av CO2 på Mongstad. Men dette prosjektet krasjlanda i 2013.
Etter at dei borgarlege overtok regjeringsmakta, byrja planlegginga av eit nytt prosjekt der CO2-fangst frå industrien stod i sentrum.
– Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne. Med dette kuttar vi utsleppa, ikkje utviklinga, seier olje- og energiminister Tina Bru (H).
Ho la fram planen saman med statsminister Erna Solberg (H), klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) måndag.
– Regjeringa foreslår først å realisere fangst av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Northern Lights
Regjeringa legg òg opp til å støtte fangst av CO2 ved Fortum Oslo Varmes avfallshandteringsanlegg i Oslo, men då må dette prosjektet først skaffe tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder.– For at prosjektet skal bli ein klimasuksess for framtida, må òg andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at også andre skal bidra økonomisk, seier Solberg.
Planen, som regjeringa har valt å kalle Langskip, omfattar òg støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total.
Northern Lights skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derfrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.
25 milliardar
Samla investeringar for prosjektet er anslått til å vere 17,1 milliardar kroner. Dette inkluderer både Norcem, Fortum Oslo Varme og Northern Lights.Driftskostnader for ti års drift er anslått til 8 milliardar kroner. Eit samla kostnadsoverslag er dermed på 25,1 milliardar kroner, viss også Fortum blir bygd ut.
Prosjektet får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Den statlege delen av desse kostnadene er anslått til 16,8 milliardar kroner.
– Sjølv om vi ikkje fekk full finansiering no, er det positivt at regjeringa òg er villig til å bidra til prosjektet vårt med eit konkret og betydeleg beløp – 3 milliardar kroner, seier Fortum Oslo Varmes CCS-direktør Jannicke Gerner Bjerkås til NTB.
– Det betyr at vi får ei reell moglegheit til å realisere prosjektet, og den moglegheita skal vi gripe med begge hender. Vi vil no jobbe vidare for å skaffe resten av finansieringa primært via EU.
Parisavtalen
Noreg har forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med 50–55 prosent innan 2030.– For at verda skal nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, må vi fange og lagre CO2 i stort omfang, seier Rotevatn.
– Det er ikkje alle utslepp som kan kuttast med å ta i bruk fornybar energi. I fleire industriprosessar, som til dømes sementproduksjon, er CO2-fangst og -lagring den einaste teknologien som kan kutte utsleppa, seier han.
Månelanding
Investeringsavgjerda kjem etter heile 13 år med politisk dragkamp, feilslåtte planar, utgreiingar og utsetjingar.Det byrja i 2007 då dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) i nyttårstalen lanserte det han kalla «vår månelanding», eit fullskala anlegg for fangst og lagring av CO2 på Mongstad. Men dette prosjektet krasjlanda i 2013.
Etter at dei borgarlege overtok regjeringsmakta, byrja planlegginga av eit nytt prosjekt der CO2-fangst frå industrien stod i sentrum.
For at prosjektet skal bli ein klimasuksess for framtida, må òg andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at også andre skal bidra økonomisk
Publisert: 21.09.2020 13:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03