Hasund
TEMPERATURMÅLAR: Hasund Mek Verksted har verkstad og utstyrsindustrien som kundar og Hasund Mek. Verksted-tala fortel om travle tider.
Nytt

Høgste inntekt på 16 år

Beste lønsemd sidan finanskrisa for Hasund Mek. Verksted.

03.03.2025

Hasund Mek. Verksted i Ulstein lagar mindre stålkonstruksjonar og skjer stål til utstyrsindustrien. 

Dei er difor ein god temperaturmålar for aktivitetsnivået i heile den maritime klynga på Nordvestlandet, sjølv om det er ein mindre bedrift som sysselset fire årsverk. 

2024-tala fortel at det er travle tider.

I fjor auka både driftsinntektene og overskotet før skatt til eit nivå selskapet ikkje har hatt sidan 2008, då finanskrisa kom (sjå tabell under)

2024 blei det niande året på rad med overskot for selskapet.

Snittordren ligg på cirka 20.000 kroner per oppdrag og tidshorisonten er frå dag til dag sa dagleg leiar og medeigar Vegard Hasund til Nett No i fjor. 

Familieigd
På det meste var bedrifta oppe i 60 tilsette, og i perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå bedrifta.

I dag er det andre og tredje generasjon som er aksjonærar i det familieiegde selskapet.

Solvoll Invest, med blant andre Vegard Hasund på eigarasida, eig 80 prosent av aksjane i Hasund Mek. Verksted. Han er også eineeigar i Hasund Invest, som eig 20 prosent av aksjane i Hasund Mek. Verksted.

Hasund Mek. Verksted as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt12,010,1
Driftsresultat1,91,2
Resultat før skatt2,01,4

Publisert: 03.03.2025 11:24

Sist oppdatert: 03.03.2025 11:40

Mer om