I løpet av dei neste åra vil det skje store forandringar i eit heilt sentrumskvartal i Ålesund når Jaangard-konsernet til familien Haagensen skal bygge nytt hotell.
Med kring 135 rom vil hotellet truleg bli det 3. største i byen, etter Scandic Parken-hotellet – som også er eigd av Haagensen – og Quality Hotel Waterfront.
– Det er eit areal på kring 11.000 kvadratmeter, så det blir jo stort, seier Gunnar Haagensen til Nett No om prosjektet som er mellom deira største investering i byen nokon gong.

Investering på kring 300 millionar
I fjor blei det klart at Jangaard-konsernet som mellom anna omfattar klippfiskverksemd, hotell og eigedomsinvesteringar, sikra seg kvartalet som fram til 2002 husa mellom anna Sunnmørsposten.
Investeringa er anslått til kring 300 millionar kroner og inkluderer eigedomar i kvartalet Storgata, Kongens gate, Skaregata og Einarvikgata.
Haagensen fortel at dei mellom anna planlegg å opne bakgarden i kvartalet.
– Gamlebygget vil gå heilt ned på gateplan i Kongens gate, også skal vi ha eit glastak mellom bygga. Det blir ulike restaurantkonsept og i tillegg vil vi bygge frukostsal på taket, seier Gunnar Haagensen til Nett No.
Kva tid spaden blir sett i jorda for sjølve byggearbeidet, er avhengig av når offentlege godkjenningar kjem på plass. Haagensen håpar at prosjektet kan vere ferdig i 2028/29.

Satsar mot Asia-marknaden
Haagensen meiner asiatiske reisande med dei kinesiske og indiske marknadene i spissen, er dei mest interessante å sikte seg inn mot.
– Vi har ganske mange turistar i Ålesund og poenget må vere å få meir kroner ut av kvar besøkande. Det er ei grense for kor mykje besøk byen toler, seier han.
Flakk-hotella med Union Øye og Storfjord er mellom dei som har lukkast med å kapre turistar som gjerne betalar godt for å få kvalitet.
– Samtidig har hotellprisane stege, så vi treng ikkje nødvendigvis å ta toppsjiktet i marknaden. Det mest populære vi har i dag, er til eksempel Hotel Noreg. Det er heilt nyoppussa og går som ei kule, men er ikkje mellom dei dyraste hotella. Eg har trua på at vi skal finne ei nisje som vil fungere for det nye hotellet, legg han til.
Haagensen fortel at kommunen er interessert i å få liv i gågata, og det er noko han har stor tru på.
– Det skal vi få til, legg han til.

– Vi er store nok i Ålesund
Utover dei prosjekta som dei allereie er engasjert i, ser Gunnar Haagensen få moglegheiter i Ålesund.
– Problemet i Ålesund i dag, er at ein gjerne treng avløp og straum – som er ei utfordring mange plassar. Difor må infrastrukturen vere på plass – slik som ved det gamle «Sunnmørsposten-kvartalet».
– Vi har begynt å sjå oss rundt andre plassar i landet, og meiner vi er store nok i Ålesund.
Han vil ikkje seie konkret kva område eller byar dei snusar på.
– Det er betre sjansar andre plassar, men samtidig er det dyrt å bygge. Bustader til eksempel, er ikkje lønsamt, legg han til.
Med svakare utsikter til lågare rente i nær framtid, trur han ikkje det vil endre seg på kort sikt.
– Vi er langsiktige og treng ikkje tene pengar i morgon. Eg er ganske sikker på at vi ikkje vil vere her som klippfiskverksemd i framtida, men vi vil framleis drive innan hotell, restaurant og bybad. Ålesund er ein fantastisk by og Norge er eit attraktivt land å besøke.
Vil framleis bygge heis til Fjellstua
Haagensen har tidlegare vore tydeleg på at han ikkje har vore nøgd med saksbehandlingstida i Ålesund kommune når det gjeld byggesaker.
Inntrykket hans no er at det er blitt betre, og han meiner det statlege byråkratiet er ei større utfordring – som gjer at den kommunale forvaltinga får nye krav å jobbe etter.
Heis til toppen av Fjellstua er ein av ideane som konsernet tidlegare har lagt på bordet. Ideen lev framleis, men Haagensen fortel at dei ikkje har dårleg tid – og vil vente på avklaringar om kva som kan vere akseptabelt å bygge.
– Vi ville ikkje gå i same fella som Sulagondolen, og starte ein lang kamp der vi aldri kjem i mål. Det er ei grense for kor mykje vi vil bruke på å prosjektere, før vi får eit klarsignal, seier han.
– Vi kunne byggemeldt heisen i morgon
Ideen om å bygge ein heis frå botnen av byfjellet Aksla til Fjellstua, inkluderer at Brødrene Jangaard-konsernet overtek Nørvøy skole. Den vil dei vurdere å bygge om til kontor, saman med kafé og anna «turistretta» verksemd.
Haagensen fortel at det framleis står att å avklare både bruken av skulebygget og regulering av området. Pris på prosjektet er allereie henta inn og det er entreprenørar som vil ha oppdraget.
– Vi kunne byggemeldt heisen i morgon, men vi reknar med at dette vil ta tid. Planen er at ein skal komme ut av heisa omtrent under «klossen» framfor Fjellstua, slik at vi ikkje bryt sikteliner og slike ting, seier han.
Har mista trua på Sørside-utbygging
Sørsida er ein anna del av byen som Haagensen har vore engasjert i tidlegare. Sjølv om det omsider er starta utfylling av det første området for prosjektet, meiner han framdrifta framleis er for treg.
– Eg meiner at det skulle blitt regulert og selt, men politikarane verkar redde for å gå glipp av noko. Eg foreslo allereie i 2012 at vi kunne bygge nokre bustader og kontor der, men at avtalen skulle gjelde salbart areal, seier han.
Haagensen påpeiker at ei slik løysing gir kommunen eit motiv for å til eksempel godta etasjehøgder som vil auke arealet for ein utbyggar.
– Det er betre enn at kommunen skal selje ei tomt og etterpå kome med krav om maks fire etasjar. Det skapar usikkerheit, seier han.
I dag er det over 15 år sidan prosjektet Sundbyen vann ein arkitektkonkurranse om korleis den nye bydelen skulle bli. Sidan er det kome nye planar på bordet – men framleis er ikkje spaden sett i jorda for dei første nybygga i området.
– Eg er 60 år no, og eg trur ikkje eg lever når dette blir bygd ut. Vi er interessert om det skal bli noko, men eg har mine tvil, seier Haagensen.
Publisert: 25.02.2026 05:00
Sist oppdatert: 25.02.2026 08:47






