Gunnar Haagensen foto Marius
ENDRINGAR PÅ GANG: Frå kontoret i Ålesund sentrum har Gunnar Haagensen god utsikt over byen som har stått sentralt i det meste av konsernet si verksemd. Om få år er truleg hovudkontoret for fiskeriverksemda flytta frå byen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Planlegg å flytte ut fiskeriverksemda

Gunnar Haagensen om framtida for Ålesund-konsernet – og kvifor han meiner Norge er som ei familiebedrift i 3. generasjon.

Marius Rosbach
20.02.2026

Frå kontoret i Rasmus Rønnebergs gate har Gunnar Haagensen god utsikt over byen frå hovudkontoret.

Framover er det langt frå sikkert at det blir slik. 

 – For oss som klippfiskprodusentar er det billigare å drive andre plassar og vere finansiert på andre måtar, seier Gunnar Haagensen til Nett No. 

Han fortel at dei allereie har fått tilbod om å flytte hovudkontoret til Italia eller Portugal – noko som kan spare dei for halvparten av rentekostnadene ved å finansiere seg via europeiske bankar. 

Støtte-ordningar på inntil 50 prosent av investeringane fra EU-fondet for økonomisk svake regioner og ein femdel av energikostnaden er andre faktorar som spelar inn, forklarar han.

Det er ikkje avgjort kvar dei endar, men at det vil bli endringar, er openbert. 

– Eg trur nok at det kan skje at det blir eit dotterselskap i Norge, og så blir hovudkontoret flytta til eit anna land. Det er veldig truleg at det skjer. 

Gunnar Haagensen Jangaard e Richard Stenning Guinness 1
NORGE BLIR MINDRE VIKTIG: Gunnar Haagensen reknar med at Norge blir mindre viktig for klippfiskverksemda framover. Her er han med Richard Stenning fra Guiness og verdas største klippfisk. Foto: Sjømatrådet

– Tenker det vil skje i løpet av eit par år
Haagensen ser ikkje føre seg å flytte til Sveits sjølv. 

Difor vil han til eksempel framleis bli nøydd til å betale formuesskatt til Norge. Det er «by the way», eit tema han gjerne held eit lengre foredrag om. 

Men driftskostnadene for konsernet vil uansett vere langt lågare ved å ligge i eit anna land, er hans vurdering. 

– På kva perspektiv ser du føre deg at ei slik endring? 

– Eg tenker det vil skje i løpet av eit par år, seier han. 

Vi produserer allereie like mykje klippfisk i Kina som vi gjer i Norge
Gunnar Haagensen

Norge blir mindre viktig
Det Gunnar Haagensen snakkar om, er fiskeriverksemda i Jangaard Export med historie tilbake til 1931. I 2024 omsette den for drygt 2,8 milliardar kroner. 

– Norge blir nok mindre viktig framover. Vi produserer allereie like mykje klippfisk i Kina som vi gjer i Norge, seier Haagensen. 

Der blir i hovudsak nytta stillehavstorsk som blir til klippfiskfilet og vidareforedla produkt. 

Alesund Storsenter foto Alesund storsenter
VARIERT VERKSEMD: Aalesund Enterprises omfattar mellom anna eigedomsselskapet Brødrene Jangaard - med blant annet Ålesund Storsenter (bildet) og dei tre hotella Scandic Parken, Hotel Noreg og Hotel 1904. Det andre beinet i konsernet er fiskeindustri og -eksportselskapet Jangaard Export. Foto: Ålesund Storsenter

Gunnar Haagensen er mannen som har handa tyngst på rattet, eller meir passande – roret, i familiekonsernet med namnet Aalesund Enterprises i Ålesund. 

Faren Bjarne slo seg opp på klippfisk og eksport og gjorde Jangaard-namnet kjent i inn- og utland. 

I dag er konsernet blitt eit mangslungen verksemd med bustader, tre hotell og bybad. For å nemne noko. Det er ikkje ei overdriving å seie at Haagensen-familien har fingrane borti svært mykje av det som skjer i Ålesund by. 

Den bokførte eigenkapitalen i konsernet er på ein knapp milliard, medan dei reelle verdiane med eigedomar og ulike prosjekt, er betydeleg høgare. 

I dag er det brørne Gunnar og Leif, og borna til Knut - som døyde i 2019 - som eig konsernet.

Gunnar Haagensen ny bar pa 1904 foto Marius
TOTALRENOVERT: Etter seks års arbeid blei arbeidet med ei totalrenovering av Hotel 1904 ferdig i fjor. Her er Gunnar Haagensen i den nye baren i 1. etasje på hotellet. Foto: Marius Rosbach

Største klippfiskprodusent i landet
Trass i at «klippfiskbransjens død» er spådd fleire gonger, omsette den for kring 6,6 milliardar kroner i 2024. Størst var Jangaard Export.

Det er lite reeell oppfølging frå politisk side om å få meir foredla fisk i Norge, ifølgje Haagensen.

– Det har aldri vore noko eigentleg målsetting, seier han og peiker på at kring 90 prosent av fisken blir selt ut av landet. Polen er den største eksportmarknaden og der lev foredlingsindustrien godt, legg han til.

– Vi vil gjerne ha fisken på auksjon slik at vi kan by på råstoffet på lik linje med utlendingane, men det første er at vi må kunne konkurrere. I dag er det berre kring halvparten av råstoffet vi får by på, og i realiteten langt mindre.

– Pengar er først og fremst eit arbeidsverktøy
Han kunne snakka langt lengre om tilgang på råstoff og vilkår for fiskeindustrien. 

Men det er langt meir ein må spørje Gunnar Haagensen om. Som om familien har starta å planlegge for neste generasjonsskifte. 

– Det er ingen menneskerett å arve, og pengar er først og fremst eit arbeidsverktøy, seier han først. 

Så tar han ein omveg via statistikk som viser at det knapt finst eit einaste norsk familieeigd selskap som var på børs for 30 år sidan, som framleis er i drift i dag. 

Om du skal ta over her, så må du vere interessert og kunne noko
Gunnar Haagensen

Det er ein kjent syklus at 3. generasjon i ei familiebedrift ofte er dei som sløser vekk verdiane som er skapt av 1. og 2. generasjon. 

I dag er Norge blitt som ein 3. generasjonsbedrift, meiner Haagensen.

Det er ein situasjon han ikkje har tenkt til at konsernet skal hamne i. 

– Om du skal ta over her, så må du vere interessert og kunne noko. Det er ikkje hjelp å gi pengar til folk som ikkje kan det dei driv på med.

Meiner det er naturleg å dele konsernet
Gunnar Haagensen ser det som naturleg at konsernet blir delt på sikt. 

– Det ligg litt i korta at dei som driv med fisk held på eigarskapen der, og at dei som driv med andre ting, er aksjonærar der.

Sjølv har han både ein son som driv med fisk og ei dotter som jobbar med å planlegge det nye hotellet i byen. Dei fleste andre søskenborna er likevel sopass unge at det er litt tidleg å snakke konkret om slike skifter i eigarskapen. 

– Alle vil få sjansen til å vere aktive i drifta, seier Haagenen.

Han kryssar fingrane for nye generasjonar, men er i tvil om dagens rammeverk for å drive business i Norge.

– Aldri har eg høyrt så mange unge snakke om å flytte til utlandet. Det er ikkje nødvendigvis folk med pengar, men som har evner og tenker kva moglegheiter dei har. Og ungdom i dag er mykje meir mobile enn kva vi er, legg han til. 

Gunnar Haagensen NHO Rgionkonf 2026 foto Ogne
NHO-KONFERANSE: Gunnar Haagensen på NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse i Ålesund nyleg. Her langa han ut mot norsk skatte- og næringspolitikk. Foto: Ogne Øyehaug

Ikkje redd for å seie frå
Dei som kjenner Gunnar Haagensen veit at han gjerne seier ting i klartekst. Som kva han meiner om politikk.

Då han blei invitert opp på scena under NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse tidlegare i månaden, blei han spurt om korleis han opplevde ei stadig meir uføreseieleg president Trump i USA. 

– Trump er ingenting mot Jens Stoltenberg, var svaret som blei etterfølgt av ein tirade mot norsk skatte- og næringspolitikk. 

Haagensen påpeikar kor viktig det er å halde skattesystemet stabilt og ikkje gjere stadige endringar. 

– No er det slik at ein les om nye skattar i avisa kvar veke. Men her kommer til å bu folk sjølv med 100 prosent skatt. Norge er eit land for spesielt interesserte. 

All utbytte går til å betale skatt
Ålesundaren har ikkje gløymt korleis dei borgarlege innførte utbytteskatt i 2009, mot at formuesskatten skulle bli redusert. I staden vart resultatet både utbytteskatt – og framleis formuesskatt. 

– I fjor måtte vi ta 40 millionar i utbytte for å betale formuesskatten. Om den ikkje hadde vore der, så ville vi ikkje teke utbytte i det heile, seier Haagensen.

– Om vi skal spare, så kan vi ta 50 milliardar frå UD (Utanriksdepartementet, journ. anm.). Der har dei tydeleg hatt meir enn nok pengar, legg han til og viser til Epstein-avsløringane. 

No har Haagensen fått vatn på mølla og går vidare til det han meiner er lite kritiske journalistar. 

Han meiner for mange i media er for like intervjuobjekta dei snakkar med, og synes han får meir ut av å høyre på podcasterar som Ole Asbjørn Næss, Wolfgang Wee og andre. 

Gunnar Haagensen bak skrivebordet foto Marius
KONTORET: – Får vi effektivitet ut av alle desse skattepengane vi brukar i dag. Det bør vere det store spørsmålet i Norge i dag, meiner Gunnar Haagensen. Foto: Marius Rosbach

Fryktar privateigde bedrifter forsvinn
Tidlegare har han uttalt at hans generasjon truleg blir den siste som driv som eigarar av familiekonsernet om dagens skattepolitikk held fram. 

– Slik systemet er i dag, vil privateigde bedrifter forsvinne eller bli eigd frå utlandet i løpet av ti år. Men vi skal betale skatten vår og eg har ikkje tenkt til å flytte, seier han.

På spørsmål om kva endring han ønsker seg, svarer Haagensen at han i prinsippet er mot at pengar det allereie er betalt skatt av, må skattast av fleire gonger.

Slik som til eksempel er tilfelle med skatt på overskot, og deretter utbytte- og formuesskatt. 

– Vi bør skatte privat forbruk. Om eg til eksempel bygger eit palass, eller kjøper ein cabincruiser på 60 fot, så må ein skatte av det forbruket, seier han. 

– Men får vi effektivitet ut av alle desse skattepengane vi brukar i dag. Det bør vere det store spørsmålet i Norge i dag, seier han.

Publisert: 20.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 20.02.2026 09:32

Mer om