Camilla Espeseth - Hotel Brosundet - foto Marius
ÅLESUND: Godt fjorår for hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hadde sitt beste år nokon gong

Trass koronautfordringar, hadde Hotel Brosundet i Ålesund sitt hittil beste år i fjor.

27.07.2022

Hotellselskapet omsette for 50,1 millionar kroner, 13,4 millionar meir enn året før.

Resultatet før skatt enda på 5,1 millionar kroner, opp frå 0,5 millionar i 2020.

Hotel Brosundet
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 50,1 36,9
Driftsresultat 7,1 2,9
Resultat før skatt 5,1 0,5

- Januar til juni var lite belegg og bak budsjett kvar månad. I juli skulle alle nordmenn på ferie i Norge og det blei beste juli ever. Og frå då av gjekk vi over budsjett kva månad ut året.

- Det blei ein ekstremt bra haust og vi tok igjen alt det tapte første halvår og leverte gode og positive tal på botnlina. Grunnen til dette gode resultatet var at alle firma skulle ta igjen all møteverksemd, veldig mykje business og ikke minst så skulle folket feire bursdagar og liknande i helgane, eller rett og slett berre kose seg, skriv hotelldirektør Camilla Espeseth om 2021-resultatet i ein epost til NETT NO.

Oppgradering
Hotel Brosundet er ein del av Flakk Gruppen, og har vore gjennom omfattande oppgradering og oppussing siste åra.

Trass i at selskapet måtte permittere deler av staben i 2021 på grunn av koronautfordringar, og gjorde andre kostnadsreduserande tiltak, var salet rekordhøgt.

Ser betring
I driftsinntektene ligg også 598.057 frå støtteordninga for korona, og styret skriv i årsrapporten at ein forventar også ein del koronautfordringar i år, men at ein ser gradvis betring framover.

Hotel Brosundet har 131 rom, og omfattar også Molja Fyr, Restaurant Maki og Brosundet Bar.

I fjor sysselsette selskapet 29 årsverk.

Publisert: 27.07.2022 08:49

Sist oppdatert: 17.05.2023 20:07

Mer om