Flakk hotell med foerste overskudd paa fem aar
BESØKSVINNAR: Ålesund-hotella var mellom vinnarane av dei større byane i Norge i juli. Hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet hadde eit belgg på 96 prosent. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Slår rekordsommaren frå i fjor

– Fantastisk, seier Brosundet-direktøren om hotellbesøket. Ho har rekordmange unge i arbeid.

Marius Rosbach
07.08.2021

Hotella i Ålesund er også i år mellom vinnarane her til lands, når status er gjort opp etter den travle julimånaden. Det stadfestar førebelse tal frå Benchmarking Alliance.

– Ut frå vår undersøking har vi indikasjonar på at Ålesund ligg i det desidert øvre sjiktet med belegg på over 90 prosent, fortel hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting til NETT NO.

På oppdrag for NHO Reiseliv har han jobba fram tal som viser at belegget nasjonalt var på 58 prosent. Ålesund ligg med andre ord skyhøgt over snittet.

Meir om undersøkinga her

Snittbelegget på 58 prosent er ein oppgang frå 54 prosent i same månad i fjor, men likevel eit godt stykke frå normalåret 2019, der belegget var på 67 prosent i juli månad.

Prisen for eit hotellrom auka betydeleg sidan i fjor, og det var store variasjonar i kva byar folk besøkte i juli. Hovudstaden opplevde ein beleggsvekst på nær 16 prosentpoeng til 47 prosent i juli. Bergen gjekk ned med 5,6 prosentpoeng til 52 prosent.

Færre besøkte òg Trondheim, Kristiansand og Bodø, medan det var ein liten auke i Stavanger.

Benchmarking Alliance har laga ei toppliste over dei best besøkte byane i landet. Ålesund er ikkje representert her, fordi dei manglar tal frå mellom anna ein stor aktør som Scandic Parken-hotellet.

Stavanger og Haugesund er mellom andre byar som har gjort det bra i sommar. Det same har distriktshotella utanfor byane langs kyststripa frå Rogaland til Møre og Romsdal, som hadde eit belegg på 76 prosent.

Etter at januar til mai har vore dårlegare enn i fjor, er det heilt vidunderleg med fullt køyr
Camilla Espeseth

Rekordane fall i juli
Allereie i juni kunne Ålesund-hotella melde at fellesferiemånaden var fullbooka hos fleire. Hotel Brosundet er eitt av hotella i byen som kan skilte med rekordtal.

– Det er heilt fantastiske tal. Vi hadde ein rekordsommar i fjor, men no har vi slått den, fortel hotelldirektør Camilla Espeseth til NETT NO.

I juli månad hadde dei eit belegg på 96 prosent, ny rekord for snittpris på romma og solid inntening. Espeseth fortel at det er dei oppgraderte – og dyraste romma – som først blir booka.

– Etter at januar til mai har vore dårlegare enn i fjor, er det heilt vidunderleg med fullt køyr og ei slik omsetning vi hadde i juli, legg ho til.

Imponert over unge tilsette
Pågangen av gjestar gjer at hotellet har 60 tilsette i sving, i tillegg til kring 20 i restauranten. I år er det også rekordmange unge tilsette i staben.

– Vi har 11 tilsette under 18 år. Det har vore veldig kjekt å sjå at så mange ungdomar vil jobbe i bransjen, fortel Espeseth.

Hotelldirektøren merkar klar skilnad i pågangen frå unge folk i sommar, samanlikna med dei siste åra. Og ho er full av lovord om pågangsmot og innsats.

– Det er ikkje ein bransje der ein kan ligge på latsida, og dei er slitne i beina når arbeidsdagen er over. Men dei fortel at det er god motivasjon med løn, og gjestane har vore positive, legg Espeseth til.

Kristin Krohn Devold foto Marius
HÅPAR PÅ NOMRALISERING: NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold håpar på eit normalår i 2022. Foto: Marius Rosbach
Vi er ikkje tilbake til normalen enno, men det går i riktig retning
Kristin Krohn Devold

For tidleg å spå årsresultatet
Hotel Brosundet-sjefen tør ikkje seie om den gode sommaren er nok til å berge eit godt årsresultat.

– Det er for tidleg å seie, seier Espeseth og viser til at bransjen også er prisgitt smitteutviklinga.

Ingen av dei Flakk-eigde hotella har levert rekneskapen for 2020 enno. Brosundet hadde i 2019 ein driftsmargin heilt oppe på 15 prosent, etter at dei året i forvegen leverte sitt første plussresultat på fem år.

– Ikkje tilbake til normalen enno
Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner det er lys i enden av tunnelen for reiselivsbransjen.

− Det er fantastisk å sjå at mange har hatt godt med besøk i juli, og at nokon til og med opplever ein vekst samanlikna med i fjor. Vi er ikkje tilbake til normalen enno, men det går i riktig retning, seier Krohn Devold om undersøkinga frå Benchmarking Alliance.

Ho håpar på eit normalår i 2022, men peiker på at bransjen då er avhengige av at utanlandske gjester får komme dei neste månadene og at kurs og konferansemarknaden kjem godt i gang etter ferien.

Publisert: 07.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 07.08.2021 03:53

Mer om