Halvert Tafjord-utbytte
Driftsresultatet i kraftproduksjonen fall frå 245 til 27 millionar kroner.
Tafjord-konsernet foreslår eit utbytte på 20,5 millionar kroner etter 2020. Etter 2019 var utbyttet 42,8 millionar kroner.
Det er den låge kraftprisen i 2020 som er årsaka til det reduserte utbyttet.
"Den gjennomsnittlige kraftprisen i 2020 ble historisk lav, og i lange perioder gjennom året har kraftprisen vært tilnærmet null – i enkelte timer sågar negativ.", skriv selskapet i årsmeldinga for 2020.
Grunnen til at resultatet før skatt ikkje ble lågare er ein reknskapsmessig gevinst ved at kraftsal-verksemda til Tafjord-konsernet blei seld inn i eit nytt kraftselskap som Tafjord oppretta saman med Tussa og Sogn og Fjordane Energi.
Ålesund kommune eig 52,6 prosent av selskapet, 43,1 prosent er eigd av BKK og 4,3 prosent av Fjord kommune.
Tafjord as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1091 | 1607 |
Driftsresultat | 188 | 366 |
Resultat før skatt | 149 | 327 |
Publisert: 16.04.2021 10:31
Sist oppdatert: 16.04.2021 10:34